Lokal | 01. juni 2010

Konsert på Katlaberget

Søre Neset Musikklag inviterer onsdag til konsert på Katlaberget.

Andris Hamretirsdag 01. juni 2010 07:17

Musikklaget fann i fjor ut at det å berre spela 17. mai og på dei to basarane dei held i året blei for lite. Difor bestemte dei seg for å halda ein sommarkonsert på Katlaberget. No held dei ny konsert.

Spelar for heile krinsen
- Utan at vi hadde annonsert konserten noko særleg i fjor var det 10 – 15 personar som tok turen opp på Katlaberget for å høyre på oss, sjølv om det blåste og var kaldt, seier Finn-Erik Moberg i Søre Neset Musikklag.

- Vi fekk òg tilbakemeldingar om at dei hadde høyrt oss på heile Søre Neset, fortel Moberg som no håpar på at fleire tek turen opp, om ikkje anna for trimmen sin skuld.

6 – 7 melodiar
- Vi planlegg å spela 6 – 7 melodiar av varieranda art, mellomanna Yesterday og Wenday Love. Konserten avsluttar vi med Ossongen, om det ikkje blir ståande ovasjonar som krev ekstranummer då, seier Moberg.

Skryt av dirigenten
Moberg nyttar òg anledninga til å skryta av dirigenten – Aina Herheim.

- Ho er fagleg dyktig og tålmodig med oss. Dei gode replikkande sitt laust og hennar gode humør smittar over på resten av oss, avsluttar han.

Konserten byrjar kl 1930. Om det skulle bli svært elendig vær utset dei han til 16. juni, men litt regn tåler dei.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.