Lokal | 26. feb. 2014
Kontroll av bil og person
Politiet: Kontroll av trugande person og køyrety meldt stolen.
Andris Hamreonsdag 26. feb. 2014 08:03
Det har vore ein relativt roleg vinterferie sålangt for betjentane på Os lensmannskontor.
– Det er ikkje dei heilt store sakane å melde frå tysdagen.
– Vi måtte kontrollera ein person som oppførte seg trugande på ein institusjon i Os.
– I tillegg fekk vi inn ei melding om eit stole køyrety som vi kontrollerte.
– Meldinga kom frå det vi må kunne kalla det kriminelle miljøet i bygda. Kva som eigentleg var foranledninga er ikkje heilt klart, men føraren av bilen blei meldt for å køyra denne utan gyldig førarkort. Det blei oppretta sak, fortel politibetjent Anne Lyssand.