Kultur | 22. mai 2009

Kontroll på rock´n LOL

Programmet til årets rockefestival på Søfteland byrjar å ta form.

Kontroll på rock´n LOL
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 22. mai 2009 11:20

Andreas Lindborg og kameratane som står bak festivalen Søfteland Rock ’n’ LOL hadde 200 gjestar då dei inviterte til festival i foreldra sin hage i 2007. I fjor utvida dei kapasiteten hos bonden Olav Valle, og publikumstalet auka til 600.

- Samarbeidet gjekk veldig fint i fjor, og vi har mottatt svært gode tilbakemeldingar på området. Vi ønskjer også at festivalen skal ha lokal forankring, og at det kan bli eit samlingspunkt for heile bygda og lokalsamfunnet, seier Andreas Lindborg til midtsiden.no.

Tydeleg aktør på kort tid
Festivalarrangørane fekk ei pengegåve på 15.000 kroner av Sparebanken Vest. Bankens Visjon Vest meiner festivalen er med på å gjera det meir attraktivt å bu i Os.

- Ting har skjedd fort, vi har fått mykje merksemd, ikkje minst av BT, som brukte 7 sider i Magasinet på festivalen i fjor. Vi som driv festivalen jobbar gratis, då er det ekstra kjekt å bli lagt merke til på ulike måtar.

Utvida budsjett
Mange av artistane som sto på scenen på Søfteland i fjor har utmerka seg positivt etter festivalen. Bandet Fjorden Baby! har blant anna blitt utnemnd som redninga for norsk rock, og sanka utruleg gode tilbakemeldingar på debutalbumet sitt. Saman med osingane i Manheads blei Fjorden Baby i NRK Urørtfinalen i februar i år.

- Vi har no utvida budsjettet, og sett saman ei svært god liste av band til årets festival. Vi tenkjer også lokalt når vi bookar band til å spela. Etter vår meining har vi per dags dato, dei heitaste artistane i Bergen og omegn, seier Andreas.

Til no er desse artistane klare for Rock´n LOL 2009:
• Karin Park
• John Olav Nilsen & Gjengen
• Ungdomskulen
• Kvelertak
• Djuret (frå Sverige)
• Blood Command

- Sjølv om Karin Park no driv med pop/elektronica kan ho også rocka - og er rett og slett dritkul. Dessutan meiner Aftenposten at det nye albumet hennar er som skreddersydd for festivalane i sommar.

Blant resten av banda finn vi artistar som er populære på Urørt og som spelar utselte konsertar i Bergen. Ungdomskulen (ja, dei skriv med éin "s"), har vore mykje utanlands og spelt, og er på same label som Karin Park, Kvelertak blei kalla "vårt nye, norske folkemetalband" då dei varma opp for Turboneger i Stavanger og Blood Command, som består av tre erfarne musikarar, har heile Manheads som faste bandmedlemmar når dei spelar LIVE.

- Korleis kom de i kontakt med svenske Djuret?

- Ha, ha! Det er ein litt artig historie. Eg sat på myspace og kom over det morosame bandnamnet. Og då eg høyrde musikken så sa eg til bror min: "Dette er er musikk som passar til sol, ein god stol og ei kald pils". Så tok vi kontakt med bandet, og dei ville meir enn gjerne til Os og Søfteland, fortel Andreas.

Vil dobla - igjen
I fjor gjekk dei for dobling av publikumstalet, og tredobla til 600. No vil søftelendingane dobla igjen.

- Når vi har heile programmet med rundt 15 band klart, og med den jungeltelegrafien som har vore rundt festivalen, håpar eg det blir både full camp og stinn brakke framfor scenen.

Til og med søftelendingar bur i telt under festivalen, sjølv om området ligg ein liten spasertur frå ei varm seng og ein god dusj.

- Det er veldig idyllisk nede ved vatnet, så i år trur eg det blir trongt mellom telt, lavvoar og grillar. Men det er sånt som høyrer med til festival-livet!

Over helga slepp arrangørane yttarlegare to band, på midtsiden.no, lokale artistar som er klare for festivalen på Søfteland.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.