Robin Johannessen legg inn sykkelruta si frå Haugsbråtet. (Foto: Kjetil Osablod Grønvigh) 

– Kor går du?

Planavdelinga i Os kommune er i gang med å få hjelp av 5. og 8. klassingane i Os.

image
image
image
Av: Kjetil Osablod Grønvigh

Rett før jul fekk klasse 8A ved Os ungdomsskule besøk av Mathilde Ilper Johnsen og Therese  L. Wergeland frå Os kommune.

Målet med møtet var å få førstehandsinfo om kor og korleis barn og unge kjem seg rundt i bygda. 

• Les òg: Vil kartlegga snarvegane til ungane dine

Barnetråkk

Ilper Johnsen fortel at det er lovfesta at barn skal få medverka i korleis kommunen vert bygd ut. Os kommune har teke i bruk programmet «Barnetråkk» for å effektivt trekkja inn borna sine røyster i planarbeidet. 

– I desse dagar driv vi og rullerar arealdelen i kommuneplanen. Å få høyra - og teikna inn i kart kor born og unge ferdast gjev oss vaksne verdifull informasjon. 

Ilper Johnsen fortel vidare at bak programmet står norsk design- og arkitektursenter saman med Kommunal- og moderniseringsdepartementet.

– Programmet er ganske så genialt; barna - i dette høve ungdomane, får teikna inn dei rutene dei nyttar til og frå skulen og kor dei ferdast på fritida. I tillegg kan dei leggja inn merknadar om kor det er mørkt, kor det kjennest trafikkfarleg, kor det kanskje alltid flyt med boss - eller kanskje kor det står eit fint bygg. 

Kjekk time

Ilper Johnsen byrjar besøket med å fortelja litt om kva jobb ho og Wergeland gjer på planavdelinga, og kvifor det er så viktig å få ta i denne infoen frå elevane. 

– Vi vaksne er veldig flinke til å senda brev til dei andre vaksne for å høyra kva dei meiner om utbygging og slikt, men vi har òg eit ansvar for å høyra dykk som sit her i dag. 

Og med det logga 8A seg på datamaskinene  og byrja å plotta inn sine tråkk. Det var heilt tydeleg at dette var noko elevane tykte var kjekt; debatten gjekk høgt og innspela vart mange og gode.

– Eg vert køyrt av foreldra mine - er det lov, kjem det frå ei jente?

– Buss og bil skal vera med, kjem det raskt attende frå Wergeland. Dess meir vi veit, jo betre!

Dei to planleggjarane frå fortel at dei framleis kunne tenka seg fleire unge innspel;

– Vi kjem til å halda fram med dette arbeidet ut januar månad, så om det framleis er 5. eller 8.klassar i Os som framleis har lyst å ta del, er det berre å ta kontakt med oss.

Fleire saker