Lokal | 17. sep. 2014

Kor kjem vegen frå Fusa?

Fergefri E39: Skal fylkesvegen frå Fusa framleis gå om Hatvik, eller kjem den utanom Os?

Kor kjem vegen frå Fusa?
Blir Hatvik fergekai tom når ny E-39 kjem? (ill.foto: Andris Hamre)
Andris Hamreonsdag 17. sep. 2014 14:56

Fylkesutvalet i Hordaland Fylkeskommune ba i sitt møte 19. juni om at det blei satt igang arbeid med ein moglegheitsstudie for tverrsamband til E39 for strekninga frå Bergen til Rogaland og at det blei oppretta ei referansegruppe med representantar frå dei berørte kommunane, deriblant Os.

Kjem ny Fusa-veg om Os?

I anbodsgrunnlaget som fylkeskommunen har sendt ut kjem det fram at det spesielt er eitt samband som kan berøra Os direkte.

– Det kan vere aktuelt med eit nytt tverrsamband for å knyte Fusa nærare saman med E39. Dette sambandet er òg samband mot Kvinnherad og Odda frå Bergen sør, og frå Fusa som samband sørover mot E39. Det må vurderast bru over Samnangerfjorden eller fortsett ferjeløysing mot Bergen sør. Ved eventuell ny trase må ein vurdere kor sambandet skal kome inn på E39, heiter det i dokumenta.

Felles bu- og arbeidsregion

Fylkeskommunen ønskjer ei aktiv rolle i arbeidet med den statlege reguleringsplanen, og særleg med tanke på å sikra gode tverrforbindelser og påkoplingar til E39.

– Nytt samband mellom Bergen og Os vil kunne få store konsekvensar for regional utvikling i dei sørlege delane av Hordaland. Med ei forventa reisetid på om lag 50 minutt mellom Leirvik og Bergen sentrum og med gode tilkoplingar og vegsamband på fylkesvegnettet til E39, vil store delar av Tysnes, Fitjar, Stord og Austevoll kunne bli eit felles bu- og arbeidsmarknad med Os og Bergen sør.

– Det vil vere ei sentral oppgåve for fylkeskommunen i samarbeid med kommunane å leggje til rette for vekst og utvikling i området, samstundes som veksten skal handterast på ei berekraftig måte.

– Det er viktig å avklare både tilkoplingspunkt og nye tverrsamband i området for å optimalisere transportsystemet, og få oversyn over trafikkgrunnlag, kostnader og nytteeffekt av tiltak. Vidare bør studiet gi innspel i forhold til kva framtidig utbyggingsmønster i området kan få å seie for transportbehovet i området.

– Mulegheitsstudiet vil òg vere eit bidrag til å avklare kva for planar og utgreiingsbehov det vil vere for framtidige fylkesvegar i området, skriv fylkeskommunen.

Planarbeidet skal ta til 1. oktober og vera ferdig innan 1. mars 2015.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.