Kultur | 04. des. 2009

Kor klar med cd

Os barnekor og koret 7 and Up er klar med album. Måndag er det sleppekonsert i Nore Neset kyrkje. (Sjå film og fleire bilde)

Kor klar med cd
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 04. des. 2009 12:00

Bildeserie:

1 av 6

To av dei fire kora til Os kyrkjelyd har i haust spelt inn cd. Torsdag kveld blei siste hand lagt på verket, måndag er det plateslepp og konsert i Nore Neset kyrkje.

- Planlegginga starta for om lag eit år sidan. Vi starta med å skriva låtar, så har det blitt mykje øving og ei helg i studio, fortel ein av korleiarane, Kari Torsvik.

Os barnekor har ungar frå 5 til 7 år, 7 and Up frå 7 år og opp til rundt 9.

Lokale låtskrivarar
9 av dei 12 låtane på albumet har aldri vore spelt inn før, 8 av dei er skrive av osingar for denne produksjonen.

- Den niande låta fekk vi låna av ein som heiter Reidar Skaaland, dei tre andre, som har vore spelt inn tidlegare, fekk vi låna til å laga vår versjon av, seier Kari, som sjølv har skrive to av låtane.

Spelt inn på Paradis
Ei av jentene i koret 7 and Up har ein bestefar som har platestudio på Paradis.

- Vi har betalt ein symbolsk sum og fått mykje igjen for pengane. Arne Wilhelmsen skal ha ei stor takk for sin innsats og sene kveldar i Troll Studio.

Orkester og koring
Aasmund Brekke skrive notar til og harmonisert fleire av songane. I tillegg er han ein av fleire musikarar som har engasjert seg i innspelinga.

Orkester: Arne Hernes (bass), Dag Roness (gitar), Torstein Fjereide (trommer) og Aasmund Brekke (piano, synth). På nokre av låtane kan du også høyra Bjørn Blomberg (saksofon) og Frode Qvale (trompet).

Nokre vaksne er også med og korar; Gro Helen B. Skjælaaen, Silje Hindenes, Helge Nygard, Hallgeir Bjørnevik, Elin Sælen og Kari Torsvik.

- Det har blitt litt ekstra øving det siste halvåret, og ungane har måtta yta litt ekstra. Vi har hatt ekstra øvingar for dei yngste og kor-weekend for de eldste, fortel Kari.

Kjekk innspeling
Kor-weekenden var en stor suksess, med overnatting, leik og mykje øving. Mange av ungane har fått høve å vera solistar, alle som ville frå det eldste koret. Dei yngste har hatt mest fokus på å læra songane.

Kora reiste i studio helga 14. -15. november.

- Solistane har fått vera éin og éin i studio, så dei har fått god tid på seg. Som Arne frå Troll Studio sa: "Barna må få føle at de har all den tid de trenger. Vi gir oss ikke før de er fornøyd. Finner de ut i etterkant at de ikke er fornøyd, så kan de komme tilbake og prøve igjen."

No er det ein stolt gjeng som er klar for plateslepp. Eventuelt overskot går delvis til kora, men også til Kirkens Nødhjelp.

Måndag 7. desember blir det plateslepp og konsert i Nore Neset kyrkje. CD-en blir selt der, og seinare på Musikkverket på AMFI Os og i kyrkjelydshuset.
Under konserten måndag kjem også tryllekunstnaren Ruben Gazki.

Under bilda kan du sjå film frå innspelinga av den eine låta. Musikken er lagt på i etterkant.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.