Frå skuledebatt før valet i 2015. I år er det 653 førstegongsveljarar i Fusa og Os. (Arkivfoto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Kor mange har stemmerett i Os og Fusa?

I dag kom SSB med svaret: I Bjørnafjorden har det blitt over 1500 fleire stemmer å kjempa om. 

Av: Kjetil Vasby Bruarøy

I dag kom SSB.no med oversikt over folketal med stemmerett under valet måndag 9. september.

På landsbasis såg det sånn ut 7. august:
Beregnede stemmeberettigede i alt: 4.202.016
Nye stemmeberettigede 18-19 år: 127.799
Stemmeberettigede norske statsborgere med innvandrerbakgrunn: 293.500
Stemmeberettigede utenlandske statsborgere: 388.998

I Hordaland er vi 410.300 med stemmerett, inkludert 34.900 utlendingar.

Innbyggarar med stemmerett i Bjørnafjorden kommune: 18.707

Av desse er det 653 førstegongsveljarar (18-19 år).

1.542 fleire stemmer å kjempa om

Til valet i 2015 var det til saman 17.165 med stemmerett i Fusa (2.915) og Os (14.250).

Det betyr at det er 1.542 fleire stemmer å kjempa om i år.

Til samanlikning er dette 350 fleire stemmer enn Høgre i Os fekk ved førre val, og like mange som alle partia i Fusa, utanom Senterpartiet, fekk til saman.

Valdeltakinga var på rundt 67 prosent i begge kommunane. Til saman kom det inn 11.475 stemmer i 2015 (1.962 + 9.513).

Om tilsvarandre prosent stiller opp ved årets val kjem det inn rundt 12.500 stemmer i år.

• Midtsiden samleside: Val 2019

Sånn var valresultata i 2015

Fusa kommunestyre - 21 medlemmer
Frp: 2 (246 stemmmer/12,6 %)
Høgre: 3 (293 stemmer/15 %)
KrF: 2 (190 stemmer/9,7 %)
Venstre: 1  (93 stemmer/4,8 %)
Sp: 6 (531 stemmer/27,2 %)
Ap: 6  (499 stemmer/25,6 %)
Uavhengig: 1 

Ikkje i kommunestyret i dag:
SV: 56 stemmer/2,9 %
MDG: 41 stemmer/2,1 %

Valdeltaking 67,3 % (1.962 av 2.915 med stemmerett)

Os kommunestyre - 35 medlemmer
Frp: 14 (3.731 stemmer/39,5 %)
Høgre: 4 (1.156 stemmer/12,2 %)
KrF: 2 (418 stemmer/4,4 %)
Venstre: 2 (612 stemmer/6,5 %)
Sp: 2 (407 stemmer/4,3 %)
Ap: 7 (1.832 stemmer/19,4 %)
MDG: 2 (486 stemmer/5,1 %)
TvS: 2 (649 stemmer/6,9 %)

Ikkje i kommunestyret i dag:
SV: 163 stemmer/1,7 %

Valdeltaking 66,9 % (9.513 av 14.250 med stemmerett)

Fleire saker