Lokal | 15. nov. 2012

Kor rusa var han?

Drapssaka, dag 3: Vitne meiner tiltalte var full, men ikkje overstadig berusa. Faren trur på sonen som seier han ikkje hugsar.

Kor rusa var han?
Nordhordland tingrett før retten blei sett torsdag (Foto: Andris Hamre)
Andris Hamretorsdag 15. nov. 2012 17:48

Siste del av torsdagen i rettsaka mot den draps- og valdtektssikta 19-åringen gjekk med til å høyra forklaringa til kameraten som hadde drukke saman med 19-åringen 1. nyttårsdag.

Retten fekk òg høyra frå ekteparet som møtte guten ved Rema Kuven og faren til 19-åringen.

Etter å ha høyrd vitnemåla sit ein igjen med ei uvisse om kor full guten eigentleg var.

Kameraten meiner han har sett han mykje fullare enn den aktuelle kvelden og at tiltalte ikkje var meir enn brisen då han forlét husværet til kameraten i sinne etter ein krangel.

Han hevda òg at han aldri hadde opplevd at 19-åringen hadde fått blackouts tidlegare i samband med drikking.

Retten fekk òg høyra om dei to kameratane sine drikkevanar og kor mykje dei pleide å drikka.

- Den aktuelle kvelden delte vi omtrent ei halv flaske med 60 %. Dette er mindre enn vi pleidde å drikka, forklarte kameraten.

Høflig, blid og grei

På veg heim frå kameraten møtte tiltalte eit ektepar som var ute på tur. Ekteparet kjende tiltalte frå tidlegare, mellom anna hadde mannen vore fotballtrenaren til guten i fleire år.

Dei fortalde om ein høfleg, blid gut i godt humør, men at han kom sjanglande langs vegen, noko som gjorde at dei tok kontakt med han.

- Han virka god gammaldags full, forklarte kona.

Etter at dei skilte lag blei ekteparet ståande for å sjå at guten kom seg greit opp mot Klokkargarden på veg heim.

Trur ikkje sonen hugsar

Det siste vitne torsdag var far til guten.

Han fortalde om ei triveleg nyttårsfeiring saman med tiltalte og kameraten, men fortalte òg at dei hadde hatt sine konfliktar.

På spørsmål frå forsvarar Rolf Knudsen om årsaka til at 19-åringen er så roleg kan vera at han ikkje hugsar noko, svarte faren:

- Eg trur ikkje han hugsar noko. Eg trur ikkje han er så tøff at han hadde klart å gå gjennom heile denne tida utan å forklara seg om noko.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.