Lokal | 18. apr. 2018

Kor skal gang- og sykkelvegen gå?

E39 Hordfast • Vegvesenet lanserer tre alternativ. Kommunen meiner løysingane på optimaliserast for å redusera konfliktgraden.

Kor skal gang- og sykkelvegen gå?
I tilleggshøyringa skisserer vegvesenet tre ulike alternativ for gang-/sykkelveg over Røtinga (ill: Statens Vegvesen)
Andris Hamreonsdag 18. apr. 2018 08:24

I plan- og bygningsutvalet torsdag skal politikarane for første gang seie si meining i tilleggshøyringa for kommunedelplanen E39 Stord - Os, der Statens Vegvesen ber om uttale til dei to nye brualternativa med ilandføring på Gullholmane i staden for Kobbavågen.

Støttar dei nye alternativa

I høyringa presenterer vegvesenet dei to "gamle" alternativa K7 og K8 som har ilandføring i Kobbavågen opp mot K7-1, endeforankra flytebru med ei austleg boge, og K8-1, ei meir rettlinja sideforankra flytebru.

– Os kommune støttar Statens vegvesen i deira tilråding om at dei nye brualternativa til Gulholmane, K7-1 og K8-1, er betre enn K7 og K8. Endeleg avgjerd om brutype over Bjørnafjorden må takast på eit seinare tidspunkt, er tilrådinga frå administrasjonen i deira framlegg til vedtak.

Samstundes viser kommunen til tidlegare høyringsuttale og ser positivt på at vegvesenet har funne løysingar for å redusere kostnadane og auke samfunnsøkonomisk nytte for prosjektet.

– Dette er viktig for å få tilslutning til snarleg realsering av prosjektet.

Ber om så små inngrep som mogleg

I framlegget til høyringsuttale ber kommune om at ein skjermar skjærgarden så mykje som mogleg.

– Når det gjeld ilandføring ved Gulholmane og overgang frå bru til tunnel ber Os kommune om at inngrepa i denne flotte skjærgarden blir så små som mogleg og at det blir bakt inn naudsynte avbøtande tiltak både for å redusere lyd og dempe det visuelle inntrykket. Os kommune vil sterkt tilrå at sundet mellom Gulholmane og Røtinga fortsatt vert åpent slik at mindre båtar kan passere.

Tre alternativ for gang- og sykkelveg

Eit tema som i liten grad har vore debattert tidlegare i saka er gang- og sykkelvegen (g/s) som skal gå langs vegen. I det nye høyringsutkastet skisserer Statens Vegvesen tre ulike traséar for denne.

– Det vestre alternativet via Kobbavågen (alternativ 1) har fått størst konfliktgrad pga. konflikt med kulturmiljø i Kobbavågen, innverknad på landskapsbilete på store deler av strekninga, innverknad på friluftsområde, inngrep i skogsbotn med god bonitet mm, skriv vegvesenet i si planomtale.

– Dei to austre traséalternativa kjem best ut med omsyn til konfliktgrad, men for alle fagtema er det poengtert at både alternativ 2 og 3 har lokalt store negative verknader og at ein kombinasjon av dei to austre alternativa, der ein optimaliserer traséen med omsyn til landskaps- og terrenginngrep, inngrep i viktige naturtypar, geometri på veglinja, reduksjon av ulemper for eksisterande bustader, god tilknyting til eksisterande stinett mm., vil redusere grad av konflikt ytterligare.

– Det er og uvisse knytt til tilkopling til bru over Bjørnafjorden, men løysing for gang- og sykkelveg kan tilpassast begge brukonsepta ved Gulholmane, heiter det i planomtalen.

Må detaljerast og optimaliserast

I planomtalen konkluderer vegvesenet med at ein treng ei meir detaljert vurdering og optimalisering av g/s løysinga for å redusere konfliktgraden ytterlegare i det vidare planarbeidet. Dette får støtte frå kommunen.

– Os kommune er einig med Staten vegvesen om at ein austre trasé for gang- og sykkelveg- løysing over Røtinga har mindre konfliktgrad enn ein vestre trasé. Men det trengs ei meir detaljert vurdering og optimalisering av g/s løysinga for å redusere konfliktgraden ytterligare i det vidare planarbeidet, uttaler kommunen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.