Kor skit høna?
På grunn av stor etterspurnad er høneskitebingoen tilbake når det blir arrangert Bondens Dag på laurdag.
Sentrum blir fylt av aktivitetar når Bondens Dag og Oselvarfestivalen arrangerast i helga.
- Folk har spurt om vi kan arrangera høneskitebingo igjen, og den er no tilbake, fortel Olav Botnevik frå Bondelaget.
Då Aase Lønningdal arrangerte bingoen i 2011 var aktiviteten veldig populær.
- Denne gong kjem hønene frå Drange, og det blir spanande å sjå kor kjappe dei er på avtrekkjaren, humrar Botnevik.
Høneskitebingo går ut på at høner blir plassert på ei plate som er delt opp i 40 ruter med ulike tal på. Publikum kjøper lodd med tala frå plata på. Den som har valt ut talet der høna skit først har fått bingo.
Dyreskue og marknad
I tillegg til bingoen blir det dei tradisjonelle aktivitetane på Bondens Dag.
- Vi startar med gratis frukost på Telthusplassen før det blir blant anna marknad og kalvemønstring.
– Ein får òg møta ulike gardsdyr og sjå gardsmaskiner, fortel sentrumsleiar Geir Amundsen.
På vårsleppet fekk fleire barnehagar settepoteter frå Bondelaget og blei invitert med i potet-dyrke-konkurranse.
- På laurdag skal vi kåra vinnarane av konkurransen.
Lyst å segla oselvar?
På andre sida av brua blir det aktivitetar og underhaldning i Oselvarnaustet og Oselvarverkstaden.
- Her blir det defilering av ulike oselvarar, kapproing, ein kan vera med å segla oselvar eller låna seg ein på eigahand, fortel Amundsen.
- Ungane kan spikra seg trebåtar dei kan leike med i eit basseng.
Båe plassar blir det konsertar i løpet av dagen. I sentrum underhaldar Os musikkforening, medan ved Oselvarnaustet blir det konsert med Os mannskor og med Os Durspelsamskipnad.
- Dette blir kjekt, og det er meldt godt vêr, så eg oppfordrar osingane til å ta turen til sentrum på laurdag, avsluttar Amundsen.