Lokal | 15. mars 2020

Kor smittsamt er koronaviruset? Kor tid kan vi bli kvitt det?

Viruset kan overleva 2-3 dagar. Vaksine kan vera på plass i rekordfart - om 12-18 månadar.

Kor smittsamt er koronaviruset? Kor tid kan vi bli kvitt det?
Covid 19, koronaviruset. (Foto: FHI)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 15. mars 2020 10:21

Koronaviruset:

Skavlan på TV 2 Sumo i går var Nandi Bushell, Aloe Blacc, Dua Lipa og dr Richard Hatchett gjestar. Hatchett er leiar for CEPI, organisasjonen som jobbar med å få på plass ein vaksine mot covid 19 (koronaviruset).

Arbeidet går i uvanleg høg fart, og dei første testane av vaksinen startar i desse dagar. Likevel kan det ta 12-18 månadar før vaksinen er klar.

– Folk i risikogruppene blir prioriterte når dei første dosane skal delast ut. Vaksinen skal vera tilgjengeleg for alle nasjonar, rik og fattig, sa Hatchett til Skavlan.

På spørsmål om diskusjon om tiltak og hysteri, presiserer han at dette ikkje er verdas undergang, men det kan gjera mange sjuke på same tid.

– Det er viktig å fortelja at born stort sett er trygge, dei blir i låg grad smitta og svært sjeldan sjuke.

Om framtida er han meir usikker, og seier det er ulike scenarie det går an å sjå for seg.

– Det er lite truleg at vi blir kvitt det i nær framtid. Når vaksine er klar kan vi klara å utrydda det på eit par år. Men det mest sannsynlege er nok at det blir her «til evig tid», og at det vil koma visse bølgjer av smitte enkelte år.

Men det er høgt prioritert å redusera mengda personar som blir smitta, for koronaviruset er farleg for mange innbyggarar. Det er òg viktig å hindra at mange blir sjuke på same tid, så helsevesenet har kapasitet til å ta seg av dei sjuke.

Viruset kan leva i fleire dagar

I 2017-2018-sesongen var det over 140.000 som blei smitta og 1.400 som døde av vanleg influensa.

Årets influensasesong har gått parallelt med koronaviruset, og skal ifølgje FHI.no no vera over toppen. 61.050 er til no konstatert smitta, 2.300 har vore innlagt på sjukehus.

Men koronaviruset er nytt, så det er ingen som er immune (eller har vaksinert seg). I tillegg er det meir smittsamt. Styresmaktene fryktar at over 700.000 kan bli smitta.

Bergens Tidende har spurd legevaktsjef Dagrun Waag Linchausen og virusekspert Elling Ulvestad om smittefaren.

Dei seier blant anna dette:

  • Det er uvisst om du kan smitta andre i inkubasjonstida, altså etter at du har blitt smitta, men før symptoma på sjukdom har meldt seg.
  • Det ser ikkje ut som om viruset smittar via mat eller drikke.
  • Det er lite truleg at du blir smitta om du er i mindre enn 15 minutt i same rom som ein som er sjuk, og held to meter avstand.

MEN:

  • Viruset kan leva i inntil tre timar i luft. Det betyr at du i teorien kan bli smitta av å vera i same rom som ein sjuk hosta i for ein time sidan.
  • Viruset kan leva i fire timar på ein kaffikopp, 24 tomar på ein kartong og 2-3 dagar på plast og rustfritt stål.
  • Du kan bli smitta ved å ta på gjenstandar med virus og deretter på slimhinner i nase, auge eller munn.

Les heile saka på BT.no

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.