Kor tid blir bosset ditt tømt?
Kanskje må du setja spannet fram fleire dagar tidlegare enn elles.
Har du planar om å nytta påsken til å rydda i garasjen og i hagen bør du vera klar over at gjennvinningsstasjonen i Kolskogen er stengd helligdagane og påskeaften.
– Stasjonar som normalt har ope på onsdagar stengjer klokka 15.00 onsdag 28. mars. Det tyder at gjennvinningsstasjonen på Os er open til klokka 15, melder Bir på heimesida si.
Endra dagar
Har du bosstømming torsdag, fredag eller måndag er må du setta ut bosset tidlegare i veka.
Har du tømming skjærtorsdag, 29. mars må du sette det fram allereie i morgon 26. mars.
Tømming på langfredag 30. mars blir henta tysdag 27. mars, medan dei som har tømming 2. påskedag, måndag 2. april må setta ut bosset sitt 3. april.
Har du papir og plasttømming skjærtorsdag eller langfredag så blir også desse henta tidlegare, på dei same dagane som resten av bosset. Har du henting av papir og plast 2. påskedag, så blir det henta 4. april.
– Dei som set ut spann på desse nye datoane må vera merksam på at vi køyrer doble ruter for restavfall, papir og plast. Bosset ditt kan bli henta på eit anna tidspunkt enn normalt. Vi hentar bosset mellom klokka 06.00 og 22.00, melder BIR.