Sport | 20. des. 2018

Kor tid skal dei møtast?

Sånn blir seriestart, derby og avsluttinga på sesongen for Os og Lysekloster.

Kor tid skal dei møtast?
Lysekloster-Os i 2017 endte med 2-0-siger til Lysekloster. (Foto: Bjarte Haugland)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 20. des. 2018 14:46

I dag blei førebelse terminlister for Norsk Tipping-ligaen presentert på fotball.no (PDF).

Kamp-planen for 2019 kan bli justert, dei skal spikrast på terminlistemøte 10. og 11. januar, men førebels ser planen sånn ut for Os og Lysekloster:

Serieopning 13. april:
Brann 2 - Lysekloster
Os - Stord

Lysekloster sin første heimekamp for sesongen går mot Djerv 1919 22. april. Same dato er Os på bortebane og speler mot året kretsfinalemotstandar, Bergen Nord.

Lokaloppgjer:
Os - Lysekloster: 27. april (3. serierunde)
Lysekloster - Os: 26. oktober (26. serierunde)

Sjølv om Os-Lysekloster går i tredje runde er altså returoppgjeret flytta til 26. og siste runde i serien. Kva som er årsaka er uvisst, men kampen kan bli avgjerande for begge lag. I 2017 blei Os sitt tap for Brattvåg i siste runde avgjerande for at Lysekloster ikkje rykte opp.

Lysekloster er oddssetjarane sin favoritt også i 2019.

Os og Lysekloster har hatt 8 derby på 4 år.

Her er alle resultata:
2013: Os - Lysekloster 3-0 (2-0).
2013: Lysekloster - Os 2-2 (0-1)
2014 (NM-kvalik): Os - Lysekloster 3-1 (1-0)
2014: Os - Lysekloster 3-3 (2-1)
2014: Lysekloster - Os 2-2 (2-1)
2016 (NM): Os - Lysekloster 2-4 (eeo)
2017: Lysekloster - Os 2-0 (1-0)
2017: Os - Lysekloster 4-3 (2-1)

Tidlegare Os-assistent Ørjan Håland skal møta gamleklubben og tidlegare rival Lysekloster som hovudtrenar for Fana.

Lysekloster - Fana: 4. mai
Fana - Os: 18. mai
Os - Fana: 3. august
Fana - Lysekloster: 21. september

• Avdelinga: 3. divisjon 2019

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.