Lokal | 29. mai 2018

Kor varmt er det i vatnet?

Vi har målt temperaturen på fem populære badeplassar i Os.

Kor varmt er det i vatnet?
16/17 grader i fjorden og 20 grader i ferskvatn var resultatet då Midtsiden målte tysdag formiddag (foto: Andris Hamre)
Andris Hamretirsdag 29. mai 2018 09:20

Bildeserie:

Haugsnesfjero hadde 16 grader (foto: AH)
Haugsnesfjero hadde 16 grader (foto: AH)
Mobergsvikjo hadde 16 grader (foto: AH)
Mobergsvikjo hadde 16 grader (foto: AH)
Sigurdsvikjo hadde 20 grader (foto: AH)
Sigurdsvikjo hadde 20 grader (foto: AH)
Søvikvågen hadde 17 grader (foto: AH)
Søvikvågen hadde 17 grader (foto: AH)
Vinddalsvatnet hadde 20 grader (foto: AH)
Vinddalsvatnet hadde 20 grader (foto: AH)
1 av 5
Haugsnesfjero hadde 16 grader (foto: AH)
Mobergsvikjo hadde 16 grader (foto: AH)
Sigurdsvikjo hadde 20 grader (foto: AH)
Søvikvågen hadde 17 grader (foto: AH)
Vinddalsvatnet hadde 20 grader (foto: AH)

Med nær tredve grader i lufta er det mange som lar seg frista av å hoppa ut i Bjørnafjorden eller i eitt av ferskvanna i Os.

Midtsiden tok tysdag formiddag ei runde på til fem av badeplassane i Os for å måle kva temperaturen eigentleg er i vatnet.

Vi valde oss tre plassar i saltvatn og to ferskvatn.

  • Mobergsvikjo, Os sentrum (ved stupebrettet): 16 grader
  • Haugsneset, Os sentrum (i enden av baderampen): 16 grader
  • Søvikvågen, Lysefjorden (ved stupebrettet): 17 grader
  • Sigurdsvikjo, Ulvenvatnet (ved brygga): 20 grader
  • Vinddalsvatnet, Søfteland (utanfor steinane): 20 grader

Målinga er fortatt med eit enkelt badetermometer omlag 20 cm under vassoverflata. Vi lot termometeret ligga i fem minutt for rettest mogleg resultat. Djupna på vatnet varierte noko på plassane, men var aldri mindre enn ein halv meter.

Kjem i løpet av eit par dagar

På vår rundttur møtte vi Hege Christine Bolstad frå teknisk eining i Os kommune som var ute i same ærend. I tillegg til temperaturane tek ho også vassprøver som blir analysert for såkalla termostabile koliforme bakteriar (TKB).

Dette er tarmbakteriar frå menneskje og dyr som ikkje overlever lenge i naturen. Difor er TKB-prøvar ein god indikator på fersk forureining.

– Eg reknar med at vi vil ha prøvene klare i løpet av eit par dagar. Då vil desse bli publisert på Os kommune si heimeside, fortalde Bolstad.

Her finn du Os kommune sine offisielle målingar av temperatur og vasskvalitet når analysane er klare.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.