Meining | 26. aug. 2019

Korleis ønskjer vi at Bjørnafjorden kommune skal styrast?

Lesarinnlegg: Ønskjer velgjarane eit styresett der det er færrast mogleg parti som har fleirtal, eller eit fleirtal av mange parti?

Korleis ønskjer vi at Bjørnafjorden kommune skal styrast?
Rolf Tveit meiner det er best med færrast mogleg parti til å styra den nye Bjørnafjorden kommune. (Arkivfoto: KVB)
Kjetil Osablod Grønvigh
Kjetil Osablod Grønvighmandag 26. aug. 2019 07:51

Vi står no framfor eit spanande val der to kommunar i vårt distrikt skal slå seg saman.

Fusa og Os kommuner har, som me veit, hatt ulike politiske konstellasjonar. Os kommune har hatt samanhengande blått fleirtal, og Fusa kommune litt variert styre dei siste 20-30 åra.

Når vi no skal samlast til ein kommune, stig spenninga.

Kva ønskjer velgjarane, kva vil væra det beste politiske samansetninga i Bjørnafjorden kommune? Ønskjer velgjarane eit styresett der det er færrast mogleg parti som har fleirtal, eller eit fleirtal av mange parti?

Ordtaket «dess fleire kokkar, dess meir søl» kan i så fall passa godt her.

Eg meiner at den nye kommunen bør få ein god start, der beslutningar/ vedtak vert fatta raskt. Det vil ein best få ved at færre og store parti har fleirtal.

I den lokale valkampen kan det virka som om det er viktigast å "knusa" det som på folkemunne kallast Frp sitt "utstillingsvindauge Os".

Er Os eit utstillingsvindauge for Frp? Nei, spør du meg, for Os kommune er ikkje berre styrt av eitt parti dei siste 20-30 åra.

Mykje kan nok seiast om det politiske styresystemet dei siste tiåra, både på godt og vondt, men ein kan ikkje kome unna det faktum at det er dei færraste kommunane i Norge som har fått utretta meir. Og det med overskot og utan eigedomsskatt!

Korleis vert beslutningsprosessen i Bjørnafjorden kommune dersom det er 5-6 parti som skal einast på bakgrunn av svært forskjellige partiprogram? Eg trur det fort vert kaos, og at det vil ta lang tid før beslutningane vert fatta.

Vil vi ha det slik?

Til samanlikning ser ein korleis dagens regjering med fire parti slit med å vere samde. Slik ynskjer i alle fall ikkje eg det skal vera.

Når det tar tid å verta einige om ei sak, så er det på bakgrunn av eit kompromiss, les; nokon har tapt. Då er det ofte slik at partiprogram ikkje stemmer med utfallet i saka, og velgjarane føler seg lurt.

Slik oppstår politikerforakt. Men partia har ofte seg sjølv å takka fordi mykje i partiprogramma aldri vert realisert i ein koalisjon av mange ulike parti og partiprogram.

Difor meiner eg det er best med færrast mogleg parti som får fleirtal til å styra den nye kommunen frå 2020.

På bakgrunn av lang livserfaring meiner eg det fort vert kaos, og lang beslutningstid om mange parti skal rotte seg saman for å "knusa" andre. Då er det ikkje politikken som gjeld, men maktkampen!

Er det slik vi vil at politikken skal være i Bjørnafjorden kommune? Eller skal det målast etter resultat? Det siste er sjølvsagt for meg og mange med meg.

Skal den nye Bjørnafjorden kommune få ein god start vil eg tru at maks tre parti bør skapa fleirtalet, men at to parti er best og raskare i vedtaka.

Heilt til slutt ein apell til politikarane; Ver snill med kvarandre sjølv om ein ikkje er einige!

Godt val!

Beste helsing

Rolf Tveit

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.