Trond Rødsmoen frå Fortidsminneforeningen forklarte prosessane, og kor tid timinga er god for innspel og klager. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Korleis påverka utviklinga og planprosessane?

Os i framtida: Politikarar, kommunalsjef og innbyggarar på foredrag med Fortidsminneforeningen og «Sørlandsrefsaren».

image
image
image
image
image
image
image
Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Tordag kveld arrangerte Fortidsminneforeningen sitt lokallag i Os eit ope møte i Tunet. I invitasjonen stilte dei spørsmålet «Hvordan vil du ha fremtidens Os?».

Foredragshaldarar var Trond Rødsmoen frå Fortidsminneforeningen og stadsaktivisten Erling Okkehaug frå Allgrønn, også kalla «Sørlandsrefseren».

• Les òg: Mantraet for Os: Variasjon (Okkenhaug med foredrag i Os i 2014)

Rundt 30 gjestar deltok på møtet, inkludert politikarar i både posisjon og opposisjon, kommunalsjef Aina Tjosås, leiar for plan- og bygningsutvalet, Gustav Bahus (Frp) og representantar frå «Bevar Fjellheim».

Gode og dårlege eksempel

Foredragshaldarane hadde med seg bilde av, og historikk frå, over 20 ulike utviklingsprosjekt ulike stadar i Noreg. Prosessane rundt dei ferskaste og dei pågåande prosjekta i Os, som Os Sjøfront, Steinneset og Finnebrekka, blei òg tatt opp.

I nokre eksempel viste dei korleis lokalt engasjement hadde stoppa prosjekt, i andre viste dei korleis innbyggarane eller politikarane hadde gjort val som viste seg å vera gode.

– Eg likte spesielt godt eksempelet frå Larvik, seier Trine Linborg (Ap) til Midtsiden etter møtet.

Både Bahus og Tjosås er glad for at foredraget ikkje berre handla om korleis du som innbyggar skulle stoppa utviklingsprosjekt som du var imot, men at det blei vist eksempel på korleis du kan vera med og forma dei.

– Å reisa rundt som ein profesjonell refsar er ein enkelt jobb, det er dessverre gjort ein del feil i mange bygder rundtom i landet opp gjennom åra. Dei er ikkje vanskelege å finna. Men at dei viser eksempel på gode prosjekt er viktig, og dette er noko foreiningar og interessegrupper kan bli endå flinkare til å løfta fram, synest kommunalsjefen.

«Klar, ferdig, for sein»

Foredragshaldarane fortalte om kva dei opplever kan vera utfordringar med planarbeid ute i Kommune-Noreg.

– Kommunen kan mangla eller ha for dårlege overordna planar, lokalpolitikarane kan ha tette band til utbyggarane eller føla seg pressa til ikkje å vera eit hindre for utvikling og lokalmedia har ikkje ressursar til å grava. Utan ein god, overordna plan blir det utbyggarane og arkitektane dei har hyra inn som styrer utforminga av Os.

At planprosessen kan vera vanskeleg å forstå, kan òg gjera det vanskeleg for innbyggarane å vera korleis dei skal engasjera seg, og kor tid.

– Mange vil nok oppleva at dei får beskjed om at «no er det for tidleg», og plutseleg er du for sein. «Klar, ferdig for sein», sa Okkenhaug, og innrømte at han sjølv stort sett alltid var for seint i prosessen med sine første kommentarar og protestar til planlagte utbyggingar.

Rødsmoen viste prosessane tydeleg, og fortalte kor tid det er rom for kva type innspel eller klage.

Frå salen kom det samtykkande kommentar med eksempel. «Det er ikkje alle som veit kva ein moglegheitsstudie er, eller som tar seg tid til å lesa ein rapport på 70 sider. Vi er veldig avhengige av korleis lokalavisene presenterer desse sakene, for eg trur det er der dei fleste hentar informasjon».

Kritikk og «halve sanningar»

Både administrasjon og politisk posisjon fekk kritikk frå både talarstolen og frå salen for prosessar rundt plan- og bygg i Os dei siste åra.

– Større prosjekt, som Os Sjøfront, bør ikkje bli teikna av éin arkitekt åleine. Volumet er så stort at det blir for einsarta preg på for stor del av entrum, sa Okkenhaug.

– Arkitektane er gjerne styrt av utbyggar, og om utbyggar ikkje får det som han vil, kan han pressa det gjennom ved å seia «då er det ikkje økonomi i dette». Men det er ikkje ein menneskerett å ha profitt på alt du gjer, sa Rødsmoen.

– Det er sagt at vi skal ha ein enorm vekst, at vi skal opp i 40.000 innbyggarar innan 2040. Kvar kjem dette talet frå? Det er òg sagt at det er miljøvenleg å bygga tett, og at alternativet ville vore å bygga ut landbruksareal. Men så blir det gjort begge delar, sa Siren Tømmerbakke (Sp).

– Og når alle då har fått denne profitten så er det likevel umogleg å ta vare på Fjellheim, det eine bygget som så mange meiner bør takast vare på. Det framstår som ein prestisjesak, som manglande respekt for innbyggarane, og det er utruleg trist.

Gustav Bahus synest mykje av kritikken frå både sal og scene er urettvis.

– Veksta er statistikk og spådom, fortetting og ønske om å legga til rette for at mange bur nær sentrum, kjem frå Fylkesmannen. Prosessane vi har hatt dei siste åra synest eg har vore både opne, inkluderande og gode, med moglegstudie, arkitektkonkurransar, utstillingar av teikningar, opne møter og stor vilje til å informera og til å ta imot innspel.

– Men det er viktig å forstå kor tid i prosessen du kan koma med innspel, kor tid du kan klaga og korleis. Det er bra at dette blei tatt opp. Men Foredragshaldarane hadde lite historisk lokalkunnskap om Os frå dei siste 25 åra, og har heilt tydeleg fått servert nokre halvsanningar om fleire prosessar og avgjerder, saker som samrøystes er vedtatt, men som blei framstilte som overkøyring av innbyggarane.

– Eg synest òg at det å mistenkeleggjera arkitektar, og å ikkje ha respekt for at ein utbyggar skal ha overskot i eit prosjekt, blir usakleg. Det er ingen som bygger noko med ein plan om ikkje å kunna betala rekningane sine eller løn til dei tilsette. Men samla sett synest eg møtet var bra. Foredragshaldarane er kunnskapsrike og hadde gode eksempel med seg.

Dette er Tjosås einig i.

– Eg er glad for at Fortidsminneforeningen har fått eit lokallag i Os, og for at dei prøver å sjå heildomen, ikkje berre enkeltbygg. Vi som styrer får ein del kritikk for plansakene, men prøver å møta folk så godt vi kan. Ofte ser vi diskusjonen gå på Facebook, basert på informasjon som er ein del av bildet, ikkje heile bildet. Derfor er det viktig for oss å delta på møte som dette, å møtast for å forklara prosessar og korleis vi tenkjer, seier kommunalsjefen.

Fleire saker