Lokal | 13. aug. 2019

Korleis ville Søviknes (Frp) og Bakervik (Ap) styrt Bergen og Os?

BT drog i gang debatt ved entreen til Osfest fredag.

Korleis ville Søviknes (Frp) og Bakervik (Ap) styrt Bergen og Os?
Terje Søviknes møtte Rune Bakervik til debatt i regi av Bergens Tidende. (Foto: Kjetil Osablod Grønvigh)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 13. aug. 2019 09:16

Bildeserie:

Debatten fredag ettermiddag hadde litt publikum. (Foto: Kjetil Osablod Grønvigh)
Debatten fredag ettermiddag hadde litt publikum. (Foto: Kjetil Osablod Grønvigh)
Kva ville Bakervik gjort om han styrte Os? (Foto: Kjetil Osablod Grønvigh)
Kva ville Bakervik gjort om han styrte Os? (Foto: Kjetil Osablod Grønvigh)
1 av 2
Debatten fredag ettermiddag hadde litt publikum. (Foto: Kjetil Osablod Grønvigh)
Kva ville Bakervik gjort om han styrte Os? (Foto: Kjetil Osablod Grønvigh)

Ordførar i Os, Terje Søviknes (Frp) og byråd i Bergen, Rune Bakervik (Ap), møttest i duell i Landboden i Os sentrum fredag.

Kvar er det best å bu, Os eller Bergen?

Byvekstavtalen, Bybanen og arealpolitikk var tema som skapte temperatur.

Søviknes kalte Bergen ein nei-kommune, Bakervik meinte det er ein floskel å dela kommunar inn i ja og nei (BT.no), at Bergen seier ja, men til andre ting enn Os. Bakervik kaller Bybanen ein suksess, og lurer på om ny E39 mellom Os og Bergen får eige bussfelt. Søviknes svarte at den får to felt, med plass til både bussar og bilar.

Kva ville Søviknes gjort, om han bestemte i Bergen, og kva dersom han styrte rådhuset i Os?

Før møtet på Os hadde duellantane fått nemna tre ting kvar.

Her er kortversjonen, les heile svaret til Søviknes og Bakervik på BT.no.

Viss Rune Bakervik (Ap) hadde styrt Os ville han:

1. Gjort sitt ytterste for at Os kommune skulle vera ein god arbeidsgjevar, ein som lytta til fagfolk og som tilbydde faste, heile stillingar.

2. Tatt kampen for Os i staden for å svelga politikken til regjeringa.

3. Søviknes har bygd ein bompengefinansiert motorveg rett til Lagunen. Kor lurt var det? Det blir ikkje skapt nok arbeidsplassar i Os.

Viss Terje Søviknes (Frp) styrte Bergen ville han:

1. Stoppa Bybanen til Åsane og rive ned ytre bomring. Kostnadane med Bybane til Åsane er mange gongar høgare enn eit godt bussalternativ, og traseen over Bryggen vil rasera regionens kanskje viktigaste kulturminne.

2. Reversert arealplanen for Bergen, som er for stram. Ytre bydelar vil stagnera når all ny bustadbygging skal konsentrerast tilBergen sentrum og langs Bybane-traseen. Planen fjerna dessutan cirka 7000 mål med tidlegare godkjente bustadareal, noko som er svært næringsfiendtleg.

3. Starta eit større omstillingsprosjekt i Bergen kommune for å redusera driftskostnadane så mykje at eigedomsskatt kunne fjernast.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.