Lokal | 13. mars 2020

Korona: Siste nytt frå Bjørnafjorden kommune

Opnar testsenter i Røde Kors-huset og lager ressurssentral for bemanning.

Korona: Siste nytt frå Bjørnafjorden kommune
Kommunedirektør Christian Fredrik Fotland. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 13. mars 2020 13:34

Koronaviruset:

Kommunedirektør Christian F. Fotland har i formiddag sete i statusmøte om koronaviruset, og seier dette om situasjonen i Bjørnafjorden kommune fredag:

– Ingen nye er smitta, berre den eine konstatert onsdag kveld. Prøveresultat kjem inn om ettermiddagane, så det kan endra seg, seier Fotland.

Frivilligsentralen er stengt

Kommunedirektøren seier han er takksame for den vilja innbyggarane viser, via sosiale media, til å hjelpa andre.

– Samtidig må vi minna om at det å reisa rundt og prøva å bidra, kan verka mot intensjonen.

Å handla mat og setja på trappa er greit, men å besøka folk er noko som kan auka risikoen for smitte.

– Frivilligsentralen er stengt, blant anna fordi at fleire av dei frivillige og mottakarane av tenestene deira er i risikogruppa.

Leiger Røde Kors-huset for smittetest

I dag har kommunen slutta å reisa rundt for å testa innbyggarar for koronaviruset.

– Vi opnar no Røde Kors-huset som senter for testing, både for å spara tid vi til no har brukt på å køyra rundt, men òg for å ha kontroll på fasilitetane.

Det er likevel ikkje berre å svinga innom og få seg ein test, du må først ha henvising, noko du får via lege på telefonnummer 116117.

– Vi testar no færre og færre i kommunen, og det at du har feber eller litt vondt i halsen, treng ikkje bety at lege vurderer det sånn at du skal inn til test.

Tilsette i skulen kan bli brukt i helsesektoren

Kommunen vil òg bygga ein ressurssentral. Denne skal få oversikt over ledig helsepersonell, og styra disponeringa av desse.

– Sentralen vil vera på plass over helga.

– I dag har vi omtrent vanleg tilgang når det kjem til bemanning, men det kan endra seg.

Kommunen vil òg kartlegga sjansen for å flytta tilsette i skule og barnehage over på helse.

– Mange av dei tilsette har helsefagleg bakgrunn, nokre av dei vil ha ledig kapasitet når elevane no gjer skulearbeid heime og barnehagane er stengte for andre enn borna til foreldre i visse yrke.

– Langpasning

Kommunedirektøren ber innbyggarar som vil vera sosiale om å samlast i mindre grupper.

– 2 til 4 personar er nemt som akseptabelt. Elles er dette ei fin tid å vera utandørs på, gjerne for ein tur i båt eller i skog og fjell.

– Kva med ungdomar som saknar idrett?

– Sjølv i små grupper bør du halda litt avstand, spesielt om det er noko anna enn roleg aktivitet, at du for eksempel er på fjelltur eller løpetur.

– Dei som vil spela fotball får øva på «backaspark» eller langpasning, ikkje spel og duellar, er Fotland sitt fotballfaglege råd.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.