Lokal | 09. juni 2020

Koronalegevakt og testsenter blir flytta

Opnar på Moberg onsdag.

Koronalegevakt og testsenter blir flytta
Koronalegevakta blir i brakke ved garasjeporten, testsenteret på parkeringsplassen nærmast innkøyringa. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytysdag 09. juni 2020 12:12

Fredag 13. mars blei det oppretta testsenter for koronaviruset i Røde Kors-huset i Kolskogheiane, onsdag 25. mars blei det slått saman med eiga koronalegevakt.

I starten på mai blei det testa rundt 100 i veka, i midten av mai blei kapasiteten auka. Barnehagar og skular var opne igjen, og raske svar var mykje verdt.

– Vi testa over 30 om dagen på det mest travle, seier legevaktsjef Sveinung Gangstø.

Men no er det færre som testar seg, i førre veke blei det rundt 45 i alt.

– Vi har òg færre som er innom koronalegevakta. Her har vi tatt imot pasientar med symptom på smitte, for å unngå at dei utset andre pasientar på vanleg legevakt for eventuell smitte.

På utsida av brann- og beredskapssenteret

For å nytta ressursane betre flyttar koronalegevakta og testsenteret til Moberg, men ikkje inn i bygningen som husar brannvesen, legevakt og ambulanse.

– Vi held det på utsida, for å i størst mogleg grad unngå å utsetja andre besøkande på legevakta for ei eventuell smitte.

– Koronalegevakta blir i brakke ved personalinngang og garasje for ambulanse, testsenteret blir i telt på parkeringsplassen nær innkøyringa, fortel Gangstø.

– Med det behovet som er i dag vil vi få brukt ressursane våre betre på denne måten. Men vi må vera førebudd på at det kan koma ei auke i behovet igjen. Det har vist seg andre stadar at ein enkelt smitta kan føra til eit ganske stort behov for både testing og legevakt.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.