Lokal | 07. des. 2020

Koronamillionar til kultur og idrett

Lesarinnlegg: Støtte til lag og organisasjonar blir truleg endå viktigare neste år.

Koronamillionar til kultur og idrett
Terje Søviknes. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 07. des. 2020 12:43

Covid19-pandemien pregar no alle deler av samfunnet vårt. Dette gjeld i høgste grad også frivillig sektor.

Lokale aktørar innan kulturen og idretten har til ei kvar tid måtta tilpassa drifta si til dei gjeldande smittevernreglane. Dette har sjølvsagt gått ut over tilbodet til både born og vaksne. Arrangement og treningar er avlyste, inntekter har forsvunne og i mange høve sit idrettslag og foreiningar igjen med ekstrakostnadar.

FrP er opptatt av at Bjørnafjorden kommune i ein slik situasjon også må stilla opp for frivillig sektor. Det er viktig no, men truleg endå viktigare neste år, då mange lag og organisasjonar gjennom 2020 har tært på oppspart kapital.

Vi er difor glade for at FrP og Høgre i sitt alternative budsjett for 2021 har funne rom for to millionar kroner ekstra til sektoren.

Éin million til kurtursektoren, og éin million til idretten.

Dette er midlar som vi ynskjer at lag og organisasjonar kan søkja på for å kompensera for dei negative effektane av koronapandemien.

Tiltaket vert ekstra viktig i lys av at kommunedirektøren i sitt budsjettframlegg har kutta løyvinga på 1,2 mill kr til KUP-ordninga (Kulturelt Utviklingsprogram). Med FrP/H sitt framlegg vil vi meir enn kompensera for dette i 2021.

Lokalsamfunna våre vert fattige utan aktiviteten som skapast gjennom frivillige lag og organisasjonar. Det handlar om sosialt fellesskap, identitet, kulturmangfold, førebygging, integrering, folkehelse og så mykje, mykje meir.

Kommunen bør difor no gje eit ekstra handslag til den dugnadsbaserte aktiviteten for born, unge og vaksne i bygdene våre. To millionar kroner til idrett og kultur i 2021 er ein god start.

Terje Søviknes (FrP)

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.