KORPS - Ei slags kjærleikshistorie

Av Knut Nærum

 
Humoristisk kjærleikserklæring til korpslivet
Ei skikkeleg sjarmbombe som treffer uavhengig av alder og korps-erfaring! Med sin gjenkjennelege humor har Knut Nærum laga ein hyllest til små og store musikantar, overivrige korps-foreldre, ambisiøse dirigentar og tålmodige naboar. Her er gryande ungdomsforelskelsar, intrigar og evige vennskap. Ikkje minst er det sjølvsagt massevis av musikk framført av nye korps kvar kveld.
I denne varme familieframsyninga møter vi to skodespelarar i mange morosame rollar og med seg på scenen har dei lokale korps. Dette er nemlig historia om eit korps-år. Året då dei to nybakte tenåringane Silje og Emil møtast. Ein kan ikkje kalle det kjærleik ved første blikk, men det tek ikkje lang tid før det blir spleisemeny og rekordforsøk i å halde hender. Gjennom førestillinga følger vi Silje og Emils opp- og nedturar, og vi får ta del i samhaldet og det store engasjementet rundt loddbøker, loppemarknad, 17. mai-marsj og kretsmeisterskap.
 
Vi pleide ha foreldrefest etter siste loppekveld, men det er noen år siden sist. Hvis vi kommer i gang igjen, skal jeg nok slutte å insistere på mimeleken.EMILS MOR
 
Originalproduksjon og idé: Teater Innlandet.
Forestillingen blir presentert på Vestlandet av DNS og Haugesund Teater.
Ord. 350,- / Gruppe (10+) 300,-
 
Følg vårt Facebook-arrangement!

Mandag, mars 18, 2019 - 19:00