- 18. feb. 2021

Kort frist på fleire tilskot til kultur

Tenesteutvalet godkjente nye retningslinjer i førre veke.

Frå Bjørnafjorden kulturskule si framsyning i Oseana i mars 2019. (Ill. foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 18. feb. 2021 07:52

Onsdag 10. februar blei nye retningslinjer godkjent i tenesteutvalet. Sjå sakspapir.

No lyser Bjørnafjorden kommune ut fleire tilskotsordningar med søknadsfrist i mars, blant anna til:

  • kulturelt utviklingsprogramt (KUP)
  • kulturmidlar til lagsdrift
  • kulturstipend til ungdom tilskot til kulturminnevern

Tilskot til vern av kulturminne er ei fylkeskommunal ordning som dels er administrert frå kommunen. Eigarar av private verneverdige kulturminne i Bjørnafjorden kan søkja om tilskot til konkrete vernetiltak på bygningar og anlegg. Tilskot kan òg nyttast til andre tiltak som kurs og formidling.

Retta: Første frist er 15. mars, ikkje 1. mars (som det tidlegare år har vore)

Bjørnafjorden lyser ut to kulturstipend, kvart på kroner 20.000 kroner, med søknadsfrist 15. mars. Unge mellom 16 og 29 år kan søka om stipend.

– Målet med stipendordninga er å stimulera og inspirera til kreativitet, talentutvikling og kulturelt mangfald på heile kultur- og idrettsfeltet, seier kultursjef Erik Vangsnes i ei pressemelding i dag.

Kulturmidlar er tilskot til dagleg drift, kulturelt utviklingsprogram (KUP) (1 million kroner til fordeling) er tilskot til tiltak eller prosjekt i Bjørnafjorden kommune som til dømes festivalar, kultur- og idrettsarrangement, produksjonar og utviklingstiltak.

Dei første fristane er 1. mars. Du kan lesa meir om tilskota på kommunen si heimeside.

Bli medlem du også!

Di støtte gir liv til lokalavisa vår.

  • Tilgang til alt innhald
  • For heile familien (6 pers)
  • Utan bindingstid
  • Berre 30 kr per veke
Teikna abonnement

Abonnementet blir fornya kvar 4. veke for kr 120 per månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.