Kultur | 16. mai 2011

Kortreist folkeleg gourmet

Berre ein månad før opning byrjar menyen på restaurant Færingen i Oseana å ta form. Det blir ein kortreist, folkeleg gourmetmeny som møter gjestane.

Kortreist folkeleg gourmet
Andris Hamremandag 16. mai 2011 13:23

Kokeplater og kjøl er på plass. Disken iferd med å monterast, no manglar berre resten før nytilsett kjøkkensjef Torstein Sperre (31) og hans folk kan innta restaurant Færingen i Oseana Kunst og Kultursenter.

- Det kjem til å bli spanande og utfordrande, slår den unge kjøkkensjefen fast.

Og nettopp det å vera med å byggje opp ein restaurant med ein så unik beliggenhet var noko av det som tiltalte kjøkkensjefen då han fekk tilbudet om å flytta på seg frå Hotell Neptun til Os.

Godt kjend

Heilt ukjend med Os er Sperre ikkje. Han har nemlig tilbrakt mang en sumar i traktene.

- Familien har sommerhus utover mot Hagavik, så eg har tilbrakt mykje tid på Os oppgjennom åra.

- Vegen frå Bergen til Os blei difor ikkje så lang. Samstundes såg eg at her var det eit grunnlag for å skapa ein god restaurant, både med lokala og det at kommunen er i vekst, forklarar Sperre.

Som Bølgen&Moi

Den nytilsette kjøkkensjefen tek ikkje mål av seg å skapa ein ny Bølgen & Moi, men ser likevel parallellar til den kjente restaurantkjeda.

- Dei starta òg på eit kunstsenter då dei starta på Hennie Onstadsenteret på Høvik i si tid.

- Akkurat det same gjer vi no her på Osana. Kombinerar god mat med ei kulturoppleving.

- Eg trur det å ha ein god restaurant i eit kunst- og kultursenter er eit smart trekk for både partar, fortel Sperre entusiastisk.

60% sjømat/40% kjøtmat

Med ei beliggenhet berre 10 meter frå Bjørnefjorden fell det naturleg for kokken å tilby mykje sjømat på menyen.

- Eg har ein forkjærlighet for sjømat, fisk og skalldyr. Eg meiner den er meir anvenleg enn kjøt er.

- Men når det er sagt så skal vi sjølvsagt servera kjøt, fugl og andre retter òg, supplerar kokken seg sjølv.

Kortreist mat

Den viktigaste for Sperre blir å kunne tilby kortreist mat.

- Kvifor skal vi bestilla torsk og skrei frå Lofoten som skal flygast via Oslo til Os når vi har Bjørnefjorden med heile sitt mangfold rett utanfor vindauget, spør han retorisk.

Saman med eigarene i Smakverket gruppen er han difor i dialog med lokale småskalaprodusenter. Ikkje berre av sjømat, men òg av andre matprodukter.

- Eg trur folk blir meir bevisst på kva dei et, når maten kjem frå nabogarden eller grenda.

- Difor kjem òg menyspråket å vera norsk og så mykje av råvarene som mogleg å kome frå Noreg.

- Det er ingen grunn å tilby italiensk spekeskinke eller parmasan når du finn like gode produkt lokalt.

Sperre ser for seg at dei klarar å gjere Færingen til ein ambassadør for lokale nisjeprodusentar.

Inspirert frå det franske

Kjøkkensjefen har mykje av si bakgrunn frå det franske kjøkkenet.

- Vi skal jo driva kafé på dagtid. Der hentar vi inspirasjon frå dei franske bistroane og brasseria.

- Lunsjrettane skal ha same kvalitet som i restauranten på kveldstid, men på ein litt enklare måte, nett som i Frankrike, smilar Sperre.

- Eit gourmetmåltid er for meg like mykje ein perfekt biff med perfekt tilbehør, som tre små smaksvekkjarar før ein hovudrett kor utsjåande nesten er viktigare enn smaken og mengden.

- Eg vil at Færingen skal bli kjend for den gode smaken med den vakre utsikta, slår kjøkkensjefen fast.

Sunne konferansar

I tillegg til restaurant og kafédrifta har Sperre ansvaret for å servera dei som legg kurs og konferansar til Oseana.

- Ei konferanse med 100 – 200 deltakarar er noko anna enn ein restaurant. Difor legg eg opp til at det blir buffet med sunne kortreiste produkter. Gjerne salatar, friske grønsakar og lette rettar, forklarar Sperre.

- Vi skal ta vare på dei som kjem her. Eit mål er at kursgjestane skal bli inspirert av ein dag på Oseana og få lyst til å koma tilbake, avsluttar nytilsett kjøkkensjef ved Færingen Torstein Sperre.

Dette er Torstein Sperre:

  • 31 år
  • sommerhus i Hagavik
  • vært kjøkkensjef på Hotell Neptun siden 2009 med ansvar for menyene på Bristo Pascal og gourmetrestauranten Lucullus.
  • Skreimester i Lofoten i 2008
  • Årets sjømatkokk i 2007
  • 3. plass i Årets sjømatkokk i 2003
  • Nytilsett kjøkkensjef i restaurant Færingen i Oseana Kunst- og Kultursenter.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.