Næringsliv | 06. sep. 2019

Kortreist handel av ny kundeklubb

Vegen til ei effektiv SMS-løysing var kort då Jeanett ville laga kundeklubb for Os Sentrumsforening.

Kortreist handel av ny kundeklubb
«Innsidehandel» i Gründerparken: Bjørn Christian «BC» Pedersen fekk Jeanett Borgen Kallekleiv og Os Sentrumsforening som kunde. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 06. sep. 2019 13:18

I ettermiddag lanserer Os Sentrumsforening kundeklubben VennMedOSs, der den siste s-en står for sentrum.

– Eg er inspirert av byVENN, som Bergen sentrum har, seier den ferske leiaren for sentrumsforeninga i Os.

Ho rakk å arrangera Osløpet og Bondens Dag dei første vekene i ny jobb, no står kundeklubb for tur.

– Målet er å få ut informasjon om arrangement i sentrum, frå Osdagane til Julemarknadsdagane og ulike kundekveldar. Den er enkel, og eg er opptatt av at den ikkje skal bli masete. Småtilbod frå medlemmane køyrer vi heller ut på Facebook og Instagram.

– Os Sentrumsforening hadde eige gåvekort før. Kjem det tilbake?

– Det står på to do-lista, svarer Jeanett med eit lurt smil.

Leverandøren sat på nabopulten

Os Sentrumsforening er verken åleine om eller tidleg ute med å laga kundeklubb.

– Dei har vore i dialog med leverandørar av sms-tenester før, seier Bjørn Christian «BC» Pedersen.

Han har jobba med SMS-tenester og annan mobilkommunikasjon i 10 år, og blant anna sete i styret i Link Mobility då dei var børsnoterte. Men det er ikkje alltid han tenker stort.

– Det kan sjå ut som om Os Sentrumsforening har gjort som mange andre, at dei har tenkt litt stort og avansert og fått inn tilbod på meir kostbare løysingar enn dei har behov for.

I sommar starta BC for seg sjølv, som første norske agent for svenske SMS Teknik, med kontor i Gründerparken, skulder i skulder med Kallekleiv.

– Då Jeanett tok initiativ til VennMedOSs var det enkelt å tilby ei effektiv løysing som foreininga kan ha nytte av.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.