Kultur | 09. sep. 2012

– Kortreist kunst sel best

VIDEO: Ein fullsett Oseanasal fekk ei triveleg stund då borna heidra Henrik Lyssand sundag.

Andris Hamresundag 09. sep. 2012 17:04

Denne helga markerast det at det er 100 år sidan Henrik Lyssand blei fødd. Sundag var det born frå Os kulturskule, Søfteland skule og Os barneskule som heidra komponisten og arrangøren med konserten "Ei kattastrofe og andres strofer for born".

- Dette var eit fyrverkeri av ein konsert, meinte Leif Ragnar Tveit då han takka dei medvirkande etter konserten.

Frå programmet kan vi lesa at Henrik Lyssand skreiv ikkje berre musikk til vaksne, han var veldig fasinert av barn og barnet sin naturlege nysggjerrigheit på livet. På 60- og 70-talet skreiv han fem tøysevers, og nokre av dei blei til små songar.

Tonsette kjende forfattarar

Forfattarane Inger Hagrup, Halfdan Rasmussen og Arnulf Øverland er blant dei som har fått tonefølgje av Henrik Lyssand. Denne skribenten må berre innrømma at han ikkje var klar over at til dømes Inger Hagrup sin "Lille Persille" er tonesett av nettopp Lyssand.

Konserten blei bunden saman at dei sjarmerande og morosamme konferansierane Ullr Brage Hermansen og Selma Fosså Bunæs. Musikarar var Anne Leni Søfteland Sæbø, Terje Neset og Oddgeir Bjelland saman med Os Musikkforening sitt janitsjarorkester under leiing av Karl Ole Midtbø.

Som Tveit oppsummerte det heile med referanse til den fullesette salen.

- Kortreist kunst sel best.

Seinere sundag er det dei vaksne kora som sett kvarandre i stemne når dei skal heidra kuntnaren Henrik Lyssand.

VIDEO 3:42: Sjå og høyr barnekora framføre Spurven, Nyperose og Ein katt som skulle barbera seg (Foto: Andris Hamre)

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.