Kultur | 05. juli 2011

Kos og jobbing på Sanden

Ny drenering, ny brygge, ny scene og ny plassering av bar, det går i festivalførebuingar på Søfteland.

Kos og jobbing på Sanden
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 05. juli 2011 19:49

Bildeserie:

bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
1 av 10
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde

Bli varsla om siste nytt:
Følg Midtsiden på Facebook

I finvêret tysdag blei det litt Syden-tempo på jobbinga på Sanden på Søfteland. Brørne Andreas og William Lindborg hadde med seg ei handfull hjelparar, i tillegg var ein fiskar i sving med bryggebygging nede på Drus Kæmp.

Midtsiden temaside: Søfteland Rock N LoL

– Fiskarane vil lengre ut på vatnet for å unngå å hekta floga fast i høgspenten rett over. Men eg har forstått det sånn at vi kan bruka brygga under festivalen, som ei tilleggsbrygge for dei som vil kjøla seg ned, seier Andreas.

Søfteland Rock N LoL 2011 startar fredag 15. juli. Førebels spår Storm skyfri himmel og 20 gradar denne helga.

50 telt på Drus Kæmp?

– Det hadde ikkje gjort noko om det kom sol. I fjor var det søkk våt og gjørmete over alt. Stemninga og besøket var knallbra, men det blir endå kjekkare med fint vêr, spesielt for dei som bur i telt på Drus Kæmp.

I 2009 var det over 20 telt på campen ved vatnet rett nedanfor festivalområdet. I fjor noko færre.

– Vi har plass til rundt 50 telt, og det kan det nok koma om vêret blir bra.

Ferdigplen - på bondegard

Noko av det arrangørane har jobba mest med sidan festivalen i fjor er drenering. Både rundt scenen og på stien ned til kæmpen er det gravd grøfter og laga nye grusvegar.

– Det blir tørrare i år uansett vêr, lover William.

Langs stien ned til vatnet, også det på gardsområdet, ligg det noko som liknar på nyutrulla ferdigplen.

– Kanskje litt sjeldan å sjå på ein gard, men det ville ikkje gro rundt grøfta vi gravde i haust så då måtte vi pynta litt. 80 kvadratmeter med ferdigplen så kom det seg.

Blomane som er planta mellom festivalområdet og kæmpen, og utgjer bokstavane LOL, vil ingen av brørne vedkjenna seg.

– Dei er fine, men det er ikkje vi som har planta dei. Det er sikkert mamma, påstår Andreas.

Ommøblering og ny scene

Medan Andreas og William gjer klar backstagehuset, og telta utanfor, maler søstera Mia og venninnene Borghild Vikøyr og Tonje Helland golvplater til telta.

Teltet baren skal vera i er oppe, ved sida av scenen, i staden for på høgda oppe ved vegen.

– I fjor blei det litt delt, ein gjeng bak ved baren, ein framme ved scenen. I år vil vi samla folket meir.

Utanom hovudscenen kjem det i år ein tilleggsscene med telt nesten oppe ved huset til vertskapen, bonde Olav Valle.

– Her blir det full overlapp, det eine bandet går på teltscenen medan det neste gjer seg klar på hovudscenen. Vi har tru på løysinga, det blir likevel spennande å sjå korleis det blir i praksis.

Ida Maria, Kråkesølv, Fjorden Baby og Major Parkinson er blant årets artistar. Her er heile programmet.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.