Kultur | 02. mai 2011

Koste seg på eigen fest

Jone F. Kuven synes det å spela for dei andre banda var det kjekkaste med den rusfrie rockekonserten i helga.

Koste seg på eigen fest
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 02. mai 2011 20:18

Bildeserie:

bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
1 av 4
bilde
bilde
bilde
bilde

Skuleoppgåva til Jone Finne Kuven og Suada Kahrimanovic var å laga eit arrangement, på papiret. Men Jone og Suada leverte ikkje berre planen, dei tok heile gjennomføringa også.

Laurdag, kvelden før 1. mai, lagde dei rusfri ungdomskonsert i Os Rockeklubb sitt lokale i kjellaren på idrettshallen.

– Vi hadde plass til fieire enn dei drygt 30 som betalte seg inn, og dei nesten like mange musikarane. Men det var mange nok til at det var kjekt å stå på scenen og mange nok til at stemninga var god, seier Jone.

Jone speler i bandet Pink Disease og synes det å stå på scenen med dei andre banda som publikum var det kjekkaste med kvelden.

Dei andre banda som spelte på konserten er Warfart, Ondt i Hodet og Heed the Heretic.

– Eg er glad for initiativet og for at arrangementet gjekk knirkefritt for seg. Vi hadde kontroll med at alle heldt seg inne eller rett utanfor døra, for å sikra oss best mogleg at det blei rusfritt, fortel leiar i Os Rockeklubb, Kjetil Grønvigh.

Publikum var med i trekninga av pass til Søfteland Rock N Lol, gåvekort på Playcom, t-skjorter og gåvekort på bowling.

– Banda fekk prøva seg med bra lyd og lys, publikum hadde store vinnarsjansar. Det kan bli fleire slike arrangement i løpet av året, seier Grønvigh.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.