Lokal | 04. des. 2016

Køyrd til arresten etter to slåstkampar

To menn fjerna frå sentrum og éin tatt for køyring med promille.

Køyrd til arresten etter to slåstkampar
Først lagde mannen bråk utanfor Esso, så hamna han i trøbbel i Mobergsbakken. (Arkivfoto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 04. des. 2016 08:41

Laurdag formiddag klokka 11.20 blei ein bilst stoppa i Lysefjorden, mistenkt for promille.

– Han blei tatt med for blodprøvetaking. Endeleg verdi er ikkje fastsett, men det skal ha vore godt over grensa, seier operasjonsleiar Hans Eirik Thue ved Vest politidistrikt.

Vedkomande er ein mann i midten av 20-åra.

Vist vekk frå sentrum

Klokka 03.10 natt til søndag var politiet i kontakt med ein mann som var involvert i noko bråk inne på Øyro.

Mannen, som er i starten av 20-åra, fekk pålegg om å fjerna seg frå Os sentrum.

Køyrd i arresten etter to slåstkampar

I 03.30-tida viste politiet vekk ein annan mann, som er i midten av 20-åra.

– Han lagde bråk utanfor Esso og fekk pålegg om å fjerna seg frå staden og å halda seg vekke frå sentrum.

Ein god halvtime seinare var han i trøbbel igjen, i Mobergsbakken, eit lite stykke unna.

– Vedkomande blei køyrd til Bergen for overnatting i arresten. Han blir meldt både for å uroa offentleg ro og orden, for ikkje å retta seg etter pålegg frå politiet og for forulemping av offentleg tenestemann, fortel Thue.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.