F.v.: Espen Kopperud, Torkel Hjertnes og John Ole Johannessen køyrde saman med Kjartan Hagevik til Bodø for å sjå Vegard spela kamp.

Køyrde 1300 km for å sjå «Leik» spela toppkamp

Bodø/Glimt-spelar Vegard Leikvoll Moberg fekk tidlegare lagkameratar på tribunen.

image
image
image
image
image
image
image
image
Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Osingen Vegard Leikvoll Moberg gjer det skarpt i sin nye klubb Bodø/Glimt. Etter at han måtte stå over serieopninga grunna skade i tommelen har han spelt alle kampar, no i ei meir offensiv rolle (indreløpar), og i to kampar på rad har han skåra to mål.

• Les òg: Dette har han ikkje gjort sidan han var i Os

Laget hans toppar tabellen i OBOS-ligaen i jakta på retur til Eliteserien. Då Bodø/Glimt laurdag spelte toppkamp heime mot Ranheim sat fire tidlegare lagkameratar frå Os på tribunen.

– Vi er ein gjeng som har snakka saman i nokre veker om å ta oss ein tur til Bodø saman. Tysdag bestemte vi oss, onsdag sette vi oss i bilen, fortel Os-spelar og tidlegare kaptein på laget frå Kuventræ, Torkel Hjertnes.

Bilturen er på over 1300 km kvar veg.

Torkel reiser saman med John Ole Johannessen, som no er trenar i Os og spelar på Søfteland, Kjartan Hagevik og Espen Kopperud. Alle dei fire er tidlegare lagkameratar av Moberg.

God underhaldning - frustrerande resultat

Dei fire kameratane kom fram fredag og budde hos Vegard til søndag. På tribunen sat dei saman med Vegard sin far, Tryggve, som tok fly til Bodø saman med kjærasten.

– Eg har hatt litt besøk her oppe, sjølv om det er ei lang reise. Både mamma og pappa har vore her to gongar, kjærasten min har vore her fleire gongar og besteforeldra mine har vore oppover. Det er veldig kjekt med besøk, og gledeleg at kameratar køyrer så langt for at vi skal møtast, og for å sjå kamp, seier Vegard.

Kampen er han mindre nøgd med. Bodø/Glimt, som hadde vunne 6 av 6 heimekampar før laurdag, leia tre gongar. Kampen enda 3-3 etter skåring av gjestane tre minutt på overtid.

– Eg trur aldri eg har vore så skuffa etter ein kamp før, verken her eller i andre klubbar, seier Vegard, som gjekk rett i garderoben etter kampslutt.

Vegard var òg åleine med keeper tidleg i kampen, og kunne gjeve laget det ekstra målet dei trengte. Bodø/Glimt leiar framleis serien med seks poeng ned til dei to neste.

– Fint å oppleva midnattsol

Torkel, Kjartan, Espen og John Ole fekk ei natt i Trondheim og éi i telt ved foten av Sju søstre i Sandnessjøen på veg opp. No er dei i Jotunheimen på veg heim.

– Vi har fått ein fantastisk tur med strålande vêr, midnattssol og ein spennande fotballkamp. Det var kjekt å sjå Vegard i ny klubb, han spelte bra og var nær skåring, seier Torkel.

– Vegard viste oss rundt i Bodø, ein kjempefin by!

Med sol om natta blei det også seine kvelden i Bodø natt til søndag, kameratgjengen «gløymde» nesten å gå heim.

– Heimturen starta litt seinare enn planlagt ja, men no har vi kome eit godt stykke.

Trivst i Bodø

Vegard sjølv seier han liker seg i sin nye heimby. Midnattsola har han òg fått oppleva, utan å rota for mykje med døgnrytmen.

– Du kan ta deg ein sein fjellstur, eller køyra opp til eit utsiktspunkt på kvelden eller natta. Eg prøver å koma meg i seng til skapeleg tid, men har vore i høgda for å nyta midnattsol og fin utsikt ein og annan gong.

Tidlegare i juli var det ein kort fotballferie i OBOS-ligaen, då var Vegard heime i Os ein tur. No er haustsesongen i gang.

Neste kamp går borte mot Mjøndalen på 7. plass. Bodø/Glimt slo Mjøndalen 1-0 heime i vår.

– I dag gjeld det å få laurdagens kamp ut av hovudet og få full fokus på oppgåva som ventar oss, seier Vegard Leikvoll Moberg.

Fleire saker