Lokal | 23. juni 2020

Køyrde akkurat fort nok til å mista lappen

UP sto med laseren på Lepsøyvegen i går.

Køyrde akkurat fort nok til å mista lappen
UP sto med laser på Lepsøyvegen i går. (Arkivfoto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 23. juni 2020 07:15

Måndag klokka11.15 hadde utrykkingspolitiet fartskontroll med laser på Lepsøyvegen.

– Dei stoppa ein mann som køyrde i 76 km/t i 50-sona, fortel politioverbetjent Anne Lyssand.

Med 1 km/t lågare fart ville han fått tre prikkar og 8.500 i bot.

Politiet tok beslag i førarkortet, noko bilførar, ein mann i slutten av 20-åra, ikkje samtykka i.

I tillegg til førarkortbeslaget blei det skrive ut forenkla forelegg til ein annan bilførar som køyrde for fort.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.