Lokal | 11. sep. 2012

Køyrde feil bil

Ein bil med to mopedbilar på hengaren blei stoppa på Halhjem tysdag. Bilførar hadde lappen, men berre på moped.

Køyrde feil bil
Politiet stoppa ein bil med hengar og to mopedbilar på Halhjem tysdag formiddag (arkivfoto: KVB)
Andris Hamretysdag 11. sep. 2012 13:33

I ti-tida tysdag formiddag fekk lensmannskontoret melding frå Sandvikvåg at ein bil med to bilar på hengaren hadde køyrd ombord i ferja. Bilen skulle ha køyrd vinglete før ombordkøyringa.

- Vi rykte ut til Halhjem og kontrollerte bilen då dei køyrde i land.

- Det var to personar i bilen. Føraren hadde mopedførarbevis, medan passasjeren, som eigde bilen ikkje hadde førarkort i det hele tatt, fortel politibetjent Rune Fimreite.

Begge anmeldt

Begge vil bli anmeldt. Den eine for å køyra utan gyldig førarkort, den andre for å låne bort bilen til ein utan førarkort.

- Lasta i seg sjølv var forsåvidt grei nok. På hengjaren sto to mopedbilar som veg så lite at dei holdt seg innanfor vektgrensa.

- Men uansett krev lova at føraren skal ha førarkort klasse BE, noko han naturleg nok ikkje hadde i og med at han kun hadde mopedførarbevis.

Skulle dei ha kome seg lovleg vidare burde nok bilføraren i staden køyrd det han hadde på hengaren.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.