Lokal | 11. mai 2020

Køyrde feil veg i rundkøyring mens politiet såg på

Ung mann stoppa natt til søndag.

Køyrde feil veg i rundkøyring mens politiet såg på
Ein mann i 20-åra tok seg ein runde feil veg i denne rundkøyringa klokka 4 om natta. Mens politiet såg på. (Arkivfoto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 11. mai 2020 07:17

Politiet har hatt lite bråk å ta hand om i helga, men har funne eitt og anna å reagera på i trafikken.

Fredag rundt 13.30 stoppa dei ein bilist utan førarkort.

– Han er i 30-åra og blei stoppa på Hatvikvegen, fortel politioverbetjent Atle Birkeland.

  • Midtsiden har starta utsending av gratis nyheitsbrev på epost - meld deg på her

Vogntog velta steinblokker ved Steinneset

Omtrent på same tid køyrde eit vogntog inn frå Hatvikvegen mot Steinneset, ved Kiwi, og velta to steinblokker som skil fortau frå fortausveg i den krappe svingen.

– Ingen blei skadd, og det var ikkje behov for dirigering. Det er notert namn på førar i tilfelle seinare oppfølging.

Tatt på fersken for tull i rundkøyring

Litt før klokka 4 natt til søndag blei ein bil stoppa på Byvegen ved Amfisenteret.

Bilen køyrde feil veg gjennom rundkøyringa.

– Eg veit ikkje kvifor, men eg reknar med han veit kva veg han skal køyra.

Bilførar, ein mann i 20-åra, slapp unna førarkortbeslag, men fekk forelegg på 5.500 kroner.

Skulle rekka ferja

Politiet har fått fleire meldingar om høg fart og uforsiktig køyring, ikkje minst på Hatvikvegen og Hegglandsdalsvegen.

– Dei som var på vakt i helga var fleire turar på Hatvikvegen. Ikkje alt er loggført enno, men dei skal ha skrive ut nokre forelegg, blant anna eit på 6.400 kroner til ein som skulle rekka ferja.

Han har truleg køyrd i mellom 100 og 105 km/t i 80-sona, ut frå storleiken på forelegge. Men han rakk ikkje ferja.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.