Lokal | 24. mars 2020

– Køyrde fort og farleg

Politiet fekk klage på ein gjeng motorsyklistar.

– Køyrde fort og farleg
(Ill. foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 24. mars 2020 08:29

Måndag i 18-tida blei politiet oppringt via 112. Innringar fortalte om ein gjeng motorsyklistar som køyrde inn Hegglandsdalsvegen retning Lønningdal.

– Køyringa blir skildra som fort og farleg, fortel politioverbetjent Atle Birkeland.

– Det er eit vanleg vårteikn, men det er òg eit signal om at vi i politiet må halda fram med å følgja med i trafikken.

Gårsdagens motorsyklistar blei ikkje funnen eller kontrollert.

Ungdomsgjeng samla seg på Nore Neset

Politiet møtte i går ein gjeng på 15-20 ungdomar som var samla ved idrettsanlegget på Nore Neset.

– Det var ein positiv gjeng som spelte fotball og høyrde på musikk. Men av omsyn til smitteverntiltaka ba vi dei om å splitta seg i mindre grupper.

– Detva ein høfleg gjeng, og dei såg ut til å retta seg etter pålegget.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.