Lokal | 07. juli 2018

Køyrde i 134 km/t over Ulvensletta

Ein godt vaksen mann mista førarkortet etter å ha køyrd for fort over Ulvensletta.

Køyrde i 134 km/t over Ulvensletta
UP hadde laserkontroll på Hatvikvegen fredag (arkivfoto: KVB)
Andris Hamrelørdag 07. juli 2018 07:27

UP var fredag på kontroll rundt i Osbygda.

– Dei hadde første ein laserkontroll i 50-sona på Hatvikvegen kor dei skreiv ut fire forenkla forelegg. Høgste farten som blei målt var 65 km/t, fortel vakthavande betjent ved Os og Austevoll lensmannsdistrikt.

Kontrollen blei gjennomført mellom klokka 1130 og 1230.

Blir anmeldt

Litt seinare på dagen gjennomførte UP-patrulja ei gjennomsnittsmåling på ein bil på Ulvensletta.

– Den blei målt til 134 km/t i 80-sona over Ulvensletta. Føraren, ein godt vaksen mann, fekk førarkortet beslaglagt og vil bli anmeldt av UP.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.