Lokal | 03. okt. 2020

Køyrde i fjellveggen på Lepsøy

Kvinne køyrd til legevakt for sjekk etter singelulykke.

Køyrde i fjellveggen på Lepsøy
Bilførar var åleine i bilen. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 03. okt. 2020 21:52

Laurdag klokka 22.41 kom det melding om bil i fjellveggen på Lepsøyvegen. Førar av første bil på staden meldte ifrå.

Politi, ambulanse og brannvesen var raskt på staden.

– Det ser ut til å vera berre denne eine bilen involvert. Det er førebels uvisst kva som er årsak til ulykka, fortel politibetjent Robert Jacobsen.

Bilførar, ei ung kvinne, var åleine i bilen.

– Ho var bevisst då redningspersonell kom til staden. Airbagane i bilen var løyst ut.

OPPDATERT: Det blei tatt beslag i førarkortet til kvinna, som er i starten på 20-åra.

Kvinna blei kontrollert av helsepersonell på staden, og køyrd vidare til legevakt for sjekk.

Det eine hjulet var punktert. (Foto: KVB)
Det eine hjulet var punktert. (Foto: KVB)

Ulykka skjedde mellom Garvikasvingen og Mørkevågen.

Trafikken gjekk forbi ulykkesstaden i starten, men blei blokkert mens redningsarbeidet pågjekk.

– Det var ikkje oljesøl på staden. Det eine hjulet var punktert, så bilen var vanskelig å skubba, fortel varabrannsjef Erik Walden.

Brannvesenet brukte vinsj og fekk den ut av vegbanen.

Dei første som kom til ulykkesstaden varsla og hjelpte til. (Lesarbilde, foto Frank Vasby Bruarøy)
Dei første som kom til ulykkesstaden varsla og hjelpte til. (Lesarbilde, foto Frank Vasby Bruarøy)

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.