Køyrde i kokainrus - fekk 45.000 i bot
Sikta møtte i retten og tilsto både bruk og bilkøyring.
Klokka 04.25 natt til ein laurdag i august blei ein bilførar stoppa av politiet i eit område nord for Os sentrum.
Politiet mistenkte at vedkomande var påverka, og blodprøve viste at han hadde både alkohol og kokain innabords.
Sikta, ein mann i slutten av 20-åra, møtte i retten og erkjente forholdet. Han samtykka òg i avgjerd ved tilståelsesdom.
Mannen er tidlegare domfelt, men det er rundt ti år sidan og blei tildelt lite vekt i straffeutmålinga.
Ved promille mellom 0,5 og 1,2 blir det som hovudregel reagert med fengsel på vilkår. Ved promille mellom 0,9 og 1,2 er tapsperioden på førarkortet normalt 20-22 månadar.
Sikta blei dømt til 18 dagar fengsel på vilkår og ei bot på 45.000 kroner. Han må venta 20 månadar frå august før han tar ny førarprøve.