Køyrde i lyktestolpe i Åsen
Alle i bilen uskadd etter utforkøyring.
Politiet meldte klokka 22.45 laurdag kveld om utforkøyring på Lyseklostervegen.
– Det var tre personar i bilen, alle framstår som uskadd, seier politiet på staden.
Ulykka skjedde i krysset mellom Lyseklostervegen og den nye fylkesvegen som går mot Lyseparken og komande, ny E39.
Bilen har hatt retning frå Lysefjorden mot Os, men ikkje klart venstresvingen i krysset.
– Bilførar er ein ung mann. Det ligg an til førarkortbeslag, opplyser politiet.
Vest politidistrikt har tidlegare i kveld åtvara mot glatte vegar ulike stadar i fylket. I Os er det overvatn og fare for vassplaning enkelte stadar, men ikkje uvanleg mykje vatn på ulykkesstaden, som er nybygd veg.
Bilen blei henta av bergingsbil.