Politi | 16. aug. 2021

Fekk melding om bil med folk i bagasjerommet

– Bilen var registrert for åtte personar, men skal ha vore overfylt.

Fekk melding om bil med folk i bagasjerommet
(Arkivfoto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymåndag 16. aug. 2021 10:51

Klokka 02.07 natt til søndag fekk politiet melding om ein overlasta bil i Tøsdalsskiftet.

– Ifølgje meldar var det folk i bagasjerommet, fortel politioverbetjent Anne Lyssand.

Den blei stoppa i Skjoldskiftet. Då var det ingen i bagasjerommet, og det viste seg at bilen var regisrert for inntil åtte personar.

(Artikkel er presisert etter innspel frå ein som seier han var sjåfør. Det var ifølgje meldar at vedkomande hadde folk i bagasjerommet, ikkje ifølgje politiet).

Meldte seg etter å ha krasja i butikkvegg

Fredag morgon køyrde ein bil inn i veggen på Kiwi Idrettsvegen. Bilen køyrde frå staden etter uhellet, og politiet etterlyste tips.

– Bilførar har meldt seg. Vi har fått ei forklaring som gjer at vi ikkje opprettar sak. Butikkeigar vil heller ikkje melda saka.

To slåstkampar i Os sentrum

Seint laurdag kveld blei ein mann køyrd til sjukehus etter ein slåstkamp med tre involverte i Os sentrum.

To menn i starten på 20- og 30-åra blei avhøyrde på staden og har status som mistenkt i saka.

Barka saman på utestad

Også i 01.15-tida natt til laurdag var det ein slåstkamp.

– Denne var inne på, eller i samband med, ein utestad. Vakt på staden varsla oss.

Dei to involverte, ein mann i midten av 30-åra og ein mann i slutten av 20-åra, fekk pålegg om å halda seg vekke frå Os sentrum resten av natta.

Fann sykkel og revunge

I 03-tida natt til laurdag kom det melding om funn av sykkel i Os. Denne skal vera meldt stolen tidlegare.

Laurdag fekk politiet melding om ein revunge som såg ut til å vera tam, og som vitne har hjelpt fleire gongar for å unngå at den skulle bli påkøyrd av bilar.

Viltkontakt er varsla.

Politiet hadde laurdag kveld, i 23.30-tida, trafikkontroll. Dei fann ikkje noko å reagera på.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.