Lokal | 15. nov. 2019

Køyrde seg fast, punkterte, fekk bot

Sperra vegen i nesten 8 timar: Ein polsk trailersjåfør møtte motgang på Ole Bulls veg.

Køyrde seg fast, punkterte, fekk bot
Trailersjåføren fekk forelegg etter å ha trassa forbodsskiltet og sperra vegen i nesten åtte timar. (Arkivfoto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 15. nov. 2019 08:32

Torsdag ettermiddag fekk Midtsiden melding om stengt Ole Bulls veg grunna fastkøyrd trailer.

Vi delte meldinga via Facebook.com/Midtsiden.

Det viser seg at dette hadde vore ein lang dag med stengt veg.

– Vegen var stengt og delvis stengt frå rundt klokka 11.30 til 19.30, fortel politioverbetjent Atle Birkeland.

Punkterte på to hjul

Traileren som hadde køyrd seg fast, hadde i tillegg punktert på to hjul, og kom seg ikkje vidare.

Politiet var på staden i starten, seinare var Viking på plass. Nye hjul blei frakta frå Kokstad til Lysefjorden for å få traileren vekk.

Både bil og førar er frå Polen. Han fekk forelegg for å trassa forbodet mot køyretøy lengre enn 8 meter.

Forelegget var på 5.500 kroner. Førar vedtok bota.

Vanleg problem

Fleire gongar tidlegare i haust har trailer og bussar køyrd seg fast på vegen, som i periodar òg er stengt grunna rasfare.

Også i februar i år var det ein tungbilsjåfør som fekk 5.500 kroner i bot for å køyra Ole Bulls veg.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.