Køyrde tre i breidda
Politiet: Mopedar irriterte bilistar, og enda ein gong prøvde personar å forsyna seg av EL-bosset utanfor Amfi Os.
Det har vore ein roleg laurdag i følge vakthavande på Os lensmannskontor.
– I 17.30- tida fekk vi melding om nokre mopedistar som lagde kø på Halhjemsvegen, fortel han.
Mopedistane køyrde tre i breidda og dei køyrde sakte i 70 sona mellom Moberg og Halhjem.
– Vi var ute og sjekka, men då var det ingen mopedar å sjå.
Stal frå El-boss - igjen
Politiet har fleire gonger måtte rykka ut på grunn av personar som forsyner seg av varer frå EL-bosset til Elkjøp på Amfi Os.
– Det var to personar denne gongen, og eine av dei hadde brukarutstyr på seg.
Personane blei beden om å levere tilbake gjenstandane dei hadde tatt med seg.