Lokal | 09. okt. 2014

Køyrde "tulling"

Politiet fekk rapport om bilist som køyrde "tulling" på Hetleflåten. Slapp med muntleg åtvaring.

Køyrde "tulling"
Andris Hamretorsdag 09. okt. 2014 09:36

Klokka 20.16 onsdag kveld fekk politiet melding om utvetting køyring på Helteflåten.

– I følgje loggen var det ein bilist som køyrde "tulling", fortel politibetjent Thomas Juulseth.

Patrulja rykte ut og fekk stoppa bilen.

– Sidan dei sjølv ikkje hadde observert køyringa slapp føraren unna med tilsnakk.

– Det skal ikkje har vore mistanke om rus.

Må bytta skilt

Seinare på kvelden, kl 21.58, stoppa patruljen ein bil i Os sentrum kor skiltet var nesten uleseleg.

– Det var så slitt at det var vanskeleg å sjå kva bokstaver og tal som sto på det.

– Føraren fekk muntleg pålegg om å få bytta skilta, fortel Juulseth.

– Kva gjer man då, er det trafikkstasjonane til Statens vegvesen som kan hjelpa?

– Ja, eg vil tru at du kan kontakta dei og bestille nye skilt, for så å ta med dei gamle og levera dei inn når du får dei nye.

Sikra ulåst bil

I morgontimane torsdag har patruljen vore ute til ein bil som har stått ulåst over noko tid.

– Den sto ulåst, med nøklane i.

– Patrulja tok med seg nøklane og låste bilen for å hindra at nokon gjer noko ulovleg med den.

– Vi vil no freist å komma i kontakt med eigaren av det utenlandsregistrerte køyretøyet, avsluttar politibetjenten.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.