Lokal | 21. jan. 2017
Køyrde ulovleg med hengar
Stoppa bil med tilhengar og kontrollerte promille.
Andris Hamrelaurdag 21. jan. 2017 08:53
Det har, som normalt, vore ei roleg natt til laurdag i Osbygda.
– Det einaste vi har i loggen er at ein mann i 30-åra blei stoppa på Byvegen i går kveld klokka 22.35 for å køyre bil med større hengar enn han har lov til.
– Han mangla BE i førarkortet sitt og blir meldt for det, fortel vakthavande betjent ved Os lensmannskontor.
På morgonkvisten, kl 0530, gjennomførde patrulja ein promillekontroll ved Ulven leir. 5 førarar blei kontrollerte og ingen var rusa.