Lokal | 13. feb. 2014
Køyrde utan førarkort
Politiet stoppa ein bilførar i Byvegen onsdag.
Kari M. Lyssandtorsdag 13. feb. 2014 08:13
I 14-tida onsdag stoppa politiet ein bilførar i 20-åra som ikkje hadde med gyldig førarkort.
- Det viste seg at personen ikkje har tatt førarkortet, seier politiførstebetjent Rune Fimreite.
- Det blei og funne nokre tablettar som vedkomande ikkje har resept på.
Mannen blei bøtlagd før han vart dimittert.
Mistenkeleg bil
Tidlegare på onsdagen fekk politiet melding om ein mistenkeleg grøn Estland-registrert bil som køyrde rundt i distriktet.
- Bilen, med to personar i, blei registrert blant anna på Halhjem og Munkestien, fortel Fimreite.
Politiet køyrde ut og såg etter bilen, men fann han ikkje.