Lokal | 19. nov. 2020

Køyrde utfor og velta

Fleire har hatt problem på vegen etter at snøen kom.

Køyrde utfor og velta
Denne bilen hamna på sida nær Hegglandsdalen barneskule. (Lesarbilde, tips@midtsiden.no)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 19. nov. 2020 17:27

Torsdag morgon kom sesongens første snøfall i låglandet i Os og bergensområdet.

På Vallheiane var det stilleståande kø i 17.40-tida. På toppen sto eit vogntog som måtte legga på kjetting.

Omtrent på same tid var det eit trafikkuhell på Hegglandsdalsvegen.

– Ein bil har køyrd utfor og velta. Det eine køyrefeltet var sperra, fortel vitne på staden.

Bilen hamna på sida, men det var ope for trafikk forbi. (Lesarbilde, tips@midtsiden.no)
Bilen hamna på sida, men det var ope for trafikk forbi. (Lesarbilde, tips@midtsiden.no)

Uhellet skjedde nær Hegglandsdalen barneskule.

Bergingsbil har vore på staden.

Bilen sperra eit køyrefelt, men er no henta av bergingsbil. (Lesarbilde, foto: Sindre Lundøy)
Bilen sperra eit køyrefelt, men er no henta av bergingsbil. (Lesarbilde, foto: Sindre Lundøy)

Vanskelege køyreforhold

Vest politidistrikt har ikkje twitra noko nytt sidan ein seglbåt sleit seg i Florø i 12-tida i dag, men Vegtrafikksentralen fortel om bilberging og stengt del av Rv 13 i Suldal kommune.

Det er ein del snø og sludd på vegane i Os, og vanskelege køyreforhold fleire stadar.

Yr melder snø fram til midnatt, ifølgje Storm er det slutt på nedbøren for i kveld.

Det er meldt 0 til -1 gradar i natt og i morgontimane. Fredag Skal det bli lettskya og sol fram til i 19-tida på kvelden.

BT «trafikken direkte» fortel om kaos i Morvik og problem i Isdalstøbakken

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.