Lokal | 18. mars 2020

Køyrer formannskapsmøte på kommune-TV

Ekstraordinær sending i ettermiddag.

Køyrer formannskapsmøte på kommune-TV
Kommunedirektør Christian F. Fotland og ordførar Trine Lindborg (Ap) sit ikkje like tett i ettermiddag. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 18. mars 2020 11:07

Etter stadig skjerpa smitterverntiltak er det i utgangspunktet stopp i kommunal møteverksemd.

Møtet i plan- og bygningsutvalet torsdag i førre veke blei arrangert i møterommet Ervikane i Oseana - for å få nok luft mellom politikarane, møte i formannskapet fredag blei gjennomført på epost for å vedta ei enkelt sak; 25.000 kroner i støtte til russens Krafttak mot kreft.

Planlagt formannskapsmøte i går blei avlyst, men i dag gjennomfører formannskapet møte «ansikt til ansikt» - via nett.

I salen sit to personar, kommunedirektør Christian F. Fotland og rådgjevar Andris Hamre.

Dei ni politikarane i utvalet deltar via webkamera..

Med unntak av nokre protokollar som skal vedtakast, er det éi sak på sakskartet: Orientering om smitteverntiltaka frå administrasjonen - med tilhøyrande spørsmål og kommentarar frå politikarane.

Møtet blir leia av ordførar Trine Lindborg (Ap) på heimekontor.

Medlemmane i formannskapet: Trine Lindborg (Ap), Mikal Leigland (Sp), Tina Bøe Buer (MDG), Bjarte Samnøy (KrF), Marie Elisabeth Lunde Bruarøy (H), Harald Franz Lekven (uavh), Espen Aspenes (Frp), Laila Marie Reiertsen (Frp) og Terje Søviknes (Frp).

Her kan du sjå kommune-TV:

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.