Krakilsk på Essoen
Sundag morgon oppførde ein mann seg så trugande at dei tilsette fann det tryggast å stenga stasjonen og kontakta politiet.
Litt før klokka ti sundag morgon fekk politiet melding om ein trugande mann på Essostasjonen på Osøyro.
- Det skal vera ein krakilsk mann som har oppført seg truande.
- Dei tilsette på bensinstasjonen skal ha blitt såpass skremte at dei stengde stasjonen og tilkalte oss, fortel operasjonsleiar Ole Geir Magnussen.
Patrulje frå Fana rykte ut på meldinga. I mellomtida gjekk mannen frå bensinstasjonen.
Han kom ikkje lengre enn til busstasjonen på Osøyro før han blei henta inn av politipatruljen. Dei tilkalte lege og ambulanse for å få hjelp til å vurdera mannen sin tilstand.