Lokal | 18. jan. 2017

Kranglar om oppdrettsanlegg

Os kommune og Fylkesmannen usamde i om oppdrettsanlegget på Skavhella skal få dispensasjon frå arealplanen.

Kranglar om oppdrettsanlegg
Her på Skavhella ønskjer Bolaks å skifte ut anlegget dei har hatt der med eit litt større lagt litt lengre ut i fjorden (foto: Andris Hamre)
Andris Hamreonsdag 18. jan. 2017 10:41

Bildeserie:

slik låg det eksistrande anlegget (ill: Os kommune)
slik låg det eksistrande anlegget (ill: Os kommune)
Slik ønskjer dei å flytta det nye anlegget (ill: Os kommune)
Slik ønskjer dei å flytta det nye anlegget (ill: Os kommune)
Det nye anlegget (ill: Os kommune)
Det nye anlegget (ill: Os kommune)
1 av 3

Bolaks AS har i ein søknad til Os kommune søkt om å få fornya og flytta litt på det eksisterande oppdrettsanlegget på Skavhella utanfor Hatvika i Fusafjorden.

I sitt vedtak 3. august gav kommunen klarsignal til dette gjennom å gje dispensasjon frå kommunen sin arealplan, kor delar av anlegget blei liggande i eit område med arealføremål «fleirbruksområde (FB)» i arealplanen.

Fylkesmannen har no klaga på dette vedtaket og saka skal til handsaming i plan- og bygningsutvalet kommande veke. Administrasjonen tilrår at ein ikkje tek klagen til følgje.

– Endringa på Skavhella er etter kommunen sitt syn lite kontroversiell, og grunnlaget for å vurdere dispensasjon etter plan- og bygningslova §19-2 er såleis til stades. Os kommune meiner at arealføremålet som det vert dispensert frå ikkje vert «vesentleg tilsidesatt», jfr. føresegnene til arealdelen til kommuneplanen, som inkluderer akvakultur i fleirbruksomgrepet, heiter det i saksframlegget frå administrasjonen.

Ikkje auka produksjon no

I søknaden frå Bolaks AS kjem det fram at dei ønskjer å flytta anlegget 200 meter ut frå land, og auka bredden med omlag 50 meter som følgje av nye og større merdringar. Dei søkjer, i denne omgang, ikkje om utvida produksjon, men fornyinga vil gjera dette mogleg i framtida.

– Fylkesmannen kan ikkje sjå at det er trong for å utvida anlegget meir enn det ein har trong for i høve til å drifta eksisterande produksjonsløyve, heiter det i klagen frå fylkesmannen.

– Søkjar har oppgjeve at det ikkje er aktuelt å auke biomassen i anlegget utover det gjeldande konsesjon opnar for. Det kjem imidlertid fram av korrespondansen i saka, som òg er referert til Fylkesmannen, at Bolaks AS ser føre seg at selskapet på sikt vil søkje om å få utvida konsesjonen på lokaliteten, Skavhella. Under dei klare vilkår som er satt av sentrale myndigheiter og av Os kommune, er det kommunen sitt ønskje å bidra til ei berekraftig vekst for denne næringa.

– Kommunen har i si handsaming av denne saka gjeve grundig greie for dei ulike moment og vilkår som ein utvida konsesjonssøknad ein gong i framtida vil måtte stette. Dette vil bli ein prosess der ei rekkje regionale myndigheiter på ny skal ta ei grundig stilling til søknaden i medhald av akvakulturlovgivinga. At kommunen no opnar for at søkjar kan utvida si verksemd og slik betre dyrevelferd samt redusere negativ verknad på resipient og nærmiljø, er såleis ikkje i strid med ei slik handsaming på eit seinare tidspunkt, svarar kommunen.

Betre for ålmenta

I motsetning til fylkesmannen meiner kommunen at dette ikkje vil hindra ålmenta sin bruk av området, heller tvert om.

– Os kommune har etter grundige vurderingar og fagkunnige tilrådingar konkludert med at vilkåra for å gi dispensasjon er til stades. Når tiltaket vidare har openbare positive konsekvensar for resipient, nærmiljø og ålmenne interesser har kommunen innvilga søknaden om dispensasjon.

– Faktum er at flyttinga av anlegget på Skavhella vil fristille meir av det strandnære sjøområdet som har størst verdi for ålment friluftsliv, heiter det mellom anna i argumentasjonen frå kommunen som konkluderer med at dei opprettheld vedtaket om å gje dispensasjon. Saka vil etter plan- og bygningsutvalet gå til ein settefylkesmann for endeleg avgjerd.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.