Prosjektleiar Ole-Håkon Sælen i Os kommune. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Kranselag på Kuventræ for ny dobbelhall

– Godt lagspel har gjeve fine resultat, seier prosjektleiar Ole-Håkon Sælen.

image
image
image
image
image
image
image
image
Av: Kjetil Vasby Bruarøy

I slutten av juni 2017 starta grunnarbeidet, i dag var det kranselag på ny dobbelhall i Os idrettspark på Kuventræ.

Det var dekka på til drygt 40 gjestar, tilsette hos hovudentreprenør Consto Bergen AS saman med representantar frå byggherre, Os kommune.

– Vi skal fylla hallane med mykje lagspel, men også førebuingane og bygginga har vore eit lagspel. Då Consto kom fekk vi raskt inntrykk av at dei stilte med A-laget, seier prosjektleiar Ole-Håkon Sælen i Os kommune.

Sjå bildeserie frå byggeprosessen i video nedst i artikkelen.

Consto fekk ros for både framdrift og god HMS, einaste skade har vore ein handverkar som kutta seg litt i ein finger. Underentreprenørar har vore frå både Karmøy, Bergen og Os.

– Sjølv har vi hatt 10-12 mann fast. No når vi jobbar for fullt innandørs blir det fleire fag, i månadane som kjem vil 20-30 handverkarar vera i sving her kvar dag, seier anleggsleiar, prosjektingeniør Christoffer Helland frå Consto.

Han takka både eigne tilsette og underleverandørar, som Fløysand Tak, for god innsats.

– Fløysand har lagt rundt 3500 kvadratmeter tak på fire veker, dei var ferdige fredag.

Den doble fleirbrukshallen skal stå ferdig til sommaren.

«Så lenge Torbjørg ikkje ringer mamma»

Både ordførar Marie E. Lunde Bruarøy (H) og leiar for tenesteutvalet, Eirik André Hesthamar (Frp) viste takksemd i sine talar, både for fokus på tryggleik og for god framdrift.

– Det har vore ein lang prosess frå diskusjonane og den politiske semja kom i 2011 og fram til byggestart, men så har det skjedd fort, sa Hesthamar i sitt tilbakeblikk.

Bruarøy er nøgd med at Os kommune no, med dobling frå 2 til 4 hallar i kommunen, når måltalet med éin hall per 5000 innbygarar.

– Vi har fått god informasjon frå dag éin, både frå Sælen i Os kommune og, ikkje minst, frå Consto. Då arbeidet starta var eg førebudd på mykje støy, og rekna med det ville bli ein del heimekontor på meg, men eg har ikkje sete heime éin dag etter at byggearbeidet starta, seier dagleg leiar i Osbadet KF, Torbjørg G. Brattabø.

– Vi har heller ikkje fått éin klage på støy eller støv frå byggeprosessen. At vi fekk på plass vindauge, så folk i kafeen vår kan følga med på framdrifta, trur eg dessuten har vore med på å gjera at alle viser ekstra med tolmod.

Så avslørte Helland at mora hans er venninne og tidlegare kollega med Brattabø.

– Eg har brukt det som ein peilepinn; så lenge Torbjørg ikkje ringer mamma så gjer vi ein nokolunde god jobb.

Innhald

Bygget, som er på rundt 54 x 53 meter i grunnflate (2900 kvm), integrert i dagens foajé til Oshallen og Osbadet, får parkeringskjellar med 95-100 plassar. Dette er vesentleg meir enn parkeringsplassen som blei ofra for å få plass til bygget.

I tillegg kjem 30 nye parkeringsplassar utandørs.

Innhaldet i hallen, over parkeringskjellaren er:

1. etasje
• Nytt inngangsparti med stor foajé
• To fullskala handballhallar til fleirebruk, begge kan delast i tre med skiljevegg
• 6 garderobar (3 herre, 3 dame) med toalett og dusj
• 2 dommargarderobar
• 2 lager (45 og 105 kvm)

2. etasje
• Tribune på 143 kvm
• Teknisk rom 73 kvm
• 4 disponible rom (65, 124, 142 og 222 kvm)

Os dobbelhall - kranselag 2018 from Midtsiden on Vimeo.

Fleire saker