Bilen øydela eit skilt då den hamna i grøfta onsdag ettermiddag. (Lesarbilde, tips@midtsiden.no)

Krasja i skilt ved Svegatjørn

Første utforkøyring på nye Ulvenvegen.

Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Onsdag i 16.30-tida hamna ein bil utfor Ulvenvegen.

Ulykka skjedde ved rundkøyringa på det nye vegstykket som opna i mai.

– Det var berre denne eine bilen involvert. Førar hadde fått sleng på bilen og hamna i ei grøft, fortel politioverbetjent Rune Fimreite.

Bilen krasja i eit skilt i grøfta, men ingen blei skadd.

Vegvesenet er varsla om det skadde skiltet. Politiet ser på det som eit uhell, og opprettar ikkje sak.

 

 

Fleire saker