Lokal | 24. nov. 2011

Krasja i tunnel

Osing involvert i alvorleg trafikkulykke i Bømlafjordtunnelen.

Krasja i tunnel
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 24. nov. 2011 23:28

To bilar og ein tilhengar var involvert i ei ulykke i Bømlafjordtunnelen torsdag i 17.30-tida, skriv BT.no.

Føraren av bilen med hengar er ifølgje fleire kjelder ein mann i 40-åra frå Os. Han skal ha kome uskadd frå ulykka.

Ein mann frå Sveio, på om lag same alder, blei kritisk skadd.

Begge førarane skal ha vore åleine i bilane.

Ifølgje vitne skal hengaren på bilen ha kome over i motsett kjørefelt. På hengaren skal det ha stått ein tredje bil.

Politiet har tatt beslag i førarkortet til mannen som kjørte med hengar.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.